Helse Møre og Romsdal lanserer nytt kurs
Nytt e-læringskurs om trakeostomi for sjukepleiarar
VirtSim, i seksjon for utdanning og kompetanse, har nettopp utvikla og lansert eit etterspurt e-læringskurs om trakeostomi for sjukepleiarar

Kurset har vore etterlengta av både sjukepleiarar og kommunale helsetenester, som har sett behovet for auka kompetanse på dette området. E-læringskurset kan nyttast for å førebu deltakarar på eit ferdigheitstreningskurs i handtering av trakeostomi som VirtSim tilbyr, og er også eit verkemiddel/verktøy for å repetere kunnskap og vedlikehalde kompetanse.
Kvalitet og relevans For å sikre at kurset er både relevant og av høg kvalitet, er det utvikla i samarbeid med ei høyringsgruppe beståande av relevant helsepersonell frå sengepostar og spesialavdelingar, helsefagleg sjef HMR, samt frå seksjon for smittevern ved HMR. Helsepersonell i Ålesund kommune, og LTMV-teamet ved St Olavs Hospital HF bidrog også med verdfull tilbakemelding i høyringsgruppa. Dette samarbeidet har vore avgjerande for å dekke dei reelle behova og utfordringane som sjukepleiarar møter i sin kvardag.
Om kurset Kurset gir ei grundig innføring i stell av trakeostomi. Det omfattar teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter, og det blir nytta interaktive verkemiddel for å sikre best mulig læringsutbytte. Kurset er for alle sjukepleiarar i regionen som treng meir kunnskap om temaet, og er tilgjengeleg i Læringsportalen.
Auka kompetanse for betre pasientbehandling E-læringskurset er eit tilbod for sjukepleiarar og skal bidra til å styrke og vedlikehalde kompetanse i handtering av trakeostomi til sjølvpustande pasientar, seier teamkoordinator for VirtSim Elisabeth Forberg. VirtSim HMR vil i samband med dette også tilby eit ferdigheitskurs for helsepersonell der ein kan øve på ein ferdigheitssimulator i trygge omgjevnadar for styrke eigen mestring, noko som kan bidra til smidigare overflytting til eit lavare behandlingsnivå, men fyrst og framst auka pasiententryggleik, avsluttar ho.
Kurset er no tilgjengeleg i Læringsportalen og vi oppfordrar alle sjukepleiarar til å nytte dette verdfulle tilbodet.
Håndtering av etablert trakeostomi til en selvpustende pasient
Dette er VirtSim
Simuleringsenhet til HMR som er lokalisert i alle sykehusene i egne ferdighet og simuleringsarealer