UTDANNING OG KOMPETANSE

Studentar i praksis får teste simulering

Sjukepleiestudentane ved NTNU har allereie fått ein smakebit av simulering som ein integrert del av utdanninga. No får dei prøve seg når dei har praksis i spesialisthelsetenesta

Publisert 21.11.2023
En gruppe mennesker som sitter i et rom og ser på en skjerm
Studentar i praksis får ein spanande introduksjon til simulering i spesialisthelsetenesta

Studentane har delteke i simuleringsaktivitetar og fått tidleg kjennskap til denne undervisningsmetoden. I veke 42 starta ei ny gruppe studentar opp i praksis. Samtidig fekk nokre av dei også undervisning i simulering ved Kunnskapssenteret Ålesund sjukehus.

Målet med dette initiativet er å auke læringsutbyttet i praksisperioden ved å nytte ferdigheitstrening og simulering som verktøy. 

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Frå venstre: Vilde Amalie Bigset, Sarah Malene Thomassen, Katrin Skodjevåg Sundgot, Amina Kvistad og Nancy Markstedt har praksis på medisinsk sengepost i Volda og er blant dei dedikerte sjukepleiestudentane som har tatt del i dette spanande prosjektet

-Prosjektet er eit samarbeid mellom NTNU og Helse Møre og Romsdal. Vi har stor tru på at simulering i praksis kan føre til auka kunnskap, sjølvtillit og mestring for sjukepleiestudentane, seier Arnhild Vestnes som er ein av  prosjektleiarane.  I denne omgang er det studentar frå kirurgisk sengepost i Volda, medisinsk sengepost 2 og 5 i Ålesund som får undervisning. Undervisninga inneheld både teori og praktiske øvingar knytta til sentrale venetkateter (SVK), veneport og ventrikkelsonde.  

 

Inspirasjon for tilsette
I tillegg til studentar deltok også sjukepleiarar som til dagleg jobbar på sengepost. Sjukepleiarane har tidlegare fått kurs som instruktørar i ferdigheter som personalet på sengeposter har sagt dei har behov for å trene på, som for eksempel stell og oppsett av sentralt venekateter. Desse instruktørane kallar vi ferdighetsinstruktørar og dei driv opplæring for sine kollegaer. 

-Vi ønskjer å inspirere våre tilsette til å drive meir med simulering og sidan ferdigheitsinstruktørane allereie driv opplæring tenkte vi at dei var rette personane til også å få opplæring i simulering. Aktivitetar som dette kan gje inspirasjon til å nytte simulering i opplæringa av kollegaer også. Såleis er dette eit nyttig prosjekt både for studentar og tilsette, forklarar Elisabeth Forberg.

Ein viktig del av undervisninga handler om korleis ein utviklar realistiske case for simulering. Dette inkluderer bruk av ulike verktøy som ABCDE, ISBAR og NEWS for strukturert kommunikasjon og beslutningstaking. Å bruke slike verktøy fører til bevisst og strukturert kommunikasjon blant helsepersonell og bidrar til auka pasientsikkerhet. 

En gruppe kvinner som poserer for et bilde
Bodil Helle, VirtSim-koordinator, Stine Gundrosen, leiar for Medisinsk SimulatorSenter, Arnhild Vestnes, universitetslektor ved NTNU, Elisabeth Forberg, teamkoordinator VirtSim og Trine Larsen, anestesisjukepleier og VirtSim-koordinator er blant dei sentrale personane som har bidratt til suksessen med simulering i utdanningaekst

Auka læring i praksisstudiar ved hjelp av simulering 
Framtidas behov for kompetanse og personale er stadig aukande og simulering og ferdighetstrening kan vere en del av løysinga på dette. Eit samarbeid mellom helseføretak og universitet og høgskule er ein viktig faktor for å sikre kvaliteten i helsetenesta, særleg knytta til prosedyrer som treng realistisk øving.

Dette initiativet gjev studentane verdifull erfaring og kompetanse som vil være essensiell i den framtidige karriera som sjukepleiarar. Prosjektet markerer ei betydeleg forbetring i måten studentar får praktisk erfaring, og det er eit positivt skritt for å møte helsevesenets aukande behov for høgt kvalifisert personell. 

  -Simulering har tydeleg vist seg som en verdifull ressurs for sjukepleiestudenter, og samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og helseføretak vil fortsette å spele ei avgjerande rolle i å forme framtidas helsepersonell med auka kompetanse og sjøvtillt, seier Forberg 

Sjå filmar om helsefagleg simulering