Ny podkast gir viktige verktøy i LIS-utdanninga
Podkastserien "Ta vare på LIS" skal gje legar i spesialisering konkrete verktøy for å handtere stress, sterke inntrykk og krevjande situasjonar i kvardagen. Gjennom fagleg forankra samtalar ønskjer initiativtakarane å styrkje sjølvivaretaking, meistring og openheit i ei viktig fase av legeutdanninga

Ny podkast set søkjelys på LIS-kvardagen
Podkastserien «Ta vare på LIS» er utvikla av utdanningskoordinerande overlege Thuy Tran og psykologspesialist Johanna Vigfusdottir. Initiativet spring ut frå arbeidet med utdanning av legar i spesialisering (LIS), der behovet for meir systematisk fokus på emosjonsregulering og sjølvivaretaking vart tydeleg.

Eit behov avdekt i utdanninga
Ideen oppstod i samband med planlegging av ein undervisningsdag for LIS1, der Thuy Tran ønskte å setje emosjonsregulering på agendaen. Johanna Vigfusdottir vart invitert til å halde eit fagleg innlegg, med konkrete ferdigheiter til bruk i ein krevjande klinisk kvardag.
Responsen frå LIS-legane var svært god, og synleggjorde eit behov som i liten grad er dekt i legeutdanninga i dag.
– Ferdigheiter knytta til å handtere stress, sterke inntrykk og eigne reaksjonar er avgjerande i klinisk arbeid, men lite systematisk integrerte i utdanninga
For å gjere kunnskapen meir tilgjengeleg i ein travel og uforutsigbar kvardag, valde dei å utvikle ein podkast som læringsformat.
Tran peikar på at podkasten byggjer vidare på eksisterande formidling innan feltet:
– Podkasten Leger om livet formidlar viktige perspektiv på livet og helse. Vårt prosjekt har eit stort potensial og er endå meir skreddarsydd for målgruppa «lege i spesialisering». Det inkluderer mellom anna ferdigheiter frå dialektisk åtferdsterapi, samtidig som det knyter an til element ein lærer på TTT-kurset, til dømes tilbakemeldingsstil. I tillegg gjer vi dette relevant ved å kople det til utfordrande situasjonar som blir viste i NRK-serien LIS.
Forsking- og utdanningssjef Endre Grøvik meiner initiativet svarar på eit viktig behov i spesialistutdanninga.
– LIS-legar møter høge faglege krav og mange krevjande situasjonar i løpet av utdanninga. Difor er det viktig å tilby læringsressursar som styrkjer både fagleg utvikling, refleksjon og meistring. Podkasten er eit godt døme på korleis engasjerte fagmiljø kan utvikle relevante og nyskapande tiltak som kjem legane til gode i kvardagen, seier Grøvik.
Støtte i ein krevjande fase
LIS-perioden er ei tid der både fagleg identitet og meistringsstrategiar blir forma. Samtidig møter mange høgt arbeidspress, stort ansvar og emosjonelt krevjande situasjonar.
Podkasten har som mål å gi støtte gjennom:
- konkrete verktøy for emosjonsregulering
- auka fokus på sjølvivaretaking
- betre handtering av stress og krisesituasjonar
I tillegg ønskjer dei å bidra til å normalisere reaksjonar og skape større openheit om utfordringane LIS møter.
Gjennom episodane får LIS-legar konkrete verktøy dei kan ta i bruk i eigen arbeidskvardag. Lyttarane lærer mellom anna å kjenne att eigne stressreaksjonar, forstå når dei er innanfor eller utanfor sitt eige «toleransevindauge» og bruke enkle reguleringsstrategiar i akutte situasjonar. Podkasten presenterer òg praktiske teknikkar som pusteøvingar, mentale stoppunkt og refleksjon rundt eigne verdiar.
Eit sentralt bodskap er at fagleg utvikling og sjølvivaretaking heng tett saman. Gjennom refleksjon rundt perfeksjonisme, sjølvkritikk og balansen mellom arbeid og fritid får LIS-legane verktøy for å stå i krevjande situasjonar utan å miste fotfestet. Målet er ikkje å fjerne stress frå legeyrket, men å gi legane ferdigheiter som gjer dei meir robuste og betre rusta til å handtere belastningane dei møter.
Eit bodskap til både individ og system
Namnet «Ta vare på LIS» har ei dobbel tyding. Det er både ei oppmoding til den enkelte legen om å ta vare på seg sjølv, og eit bodskap til kollegaer og organisasjonen om å ta betre vare på LIS som gruppe.
– Sjølvivaretaking er ikkje ei svakheit, men ei føresetnad for å fungere godt som lege.
Vidare utvikling
Podkastserien er planlagd med åtte episodar. Det blir også arbeidd med idear til vidare utvikling, mellom anna ein psykoedukativ videoserie.

Hør første episode her
Initiativtakarar
Thuy Tran – utdanningskoordinerande overlege
Johanna Vigfusdottir – psykologspesialist ved Spesialteam DBT-ROBUST, DPS poliklinikk Molde, og ph.d.-stipendiat ved NTNU.
Klikk her for transkripsjon.docx