Vil gi sjukepleiarstudentane betre læring i praksis
Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og NTNU har sjukepleiarstudentar og praksisrettleiarar trena saman på kliniske ferdigheiter og simulering. Erfaringane viser auka læring, tettare samarbeid og større tryggleik i praksisstudia.

Prosjektet «Auka læring i praksisstudium – simulering og ferdigheitstrening for sjukepleiarstudentar og helsepersonell i spesialisthelsetenesta» har vore gjennomført i Volda og Ålesund i perioden 2023–2026.
Andreårs sjukepleiarstudentar frå NTNU har saman med sjukepleiarar og praksisrettleiarar frå fleire sengepostar i Helse Møre og Romsdal teke del. Målet har vore å styrkje kvaliteten i praksisstudia gjennom systematisk ferdigheitstrening og simulering.

Lærer saman i praksis
Ein viktig del av prosjektet har vore å samle studentar og praksisrettleiarar på same læringsarena.
– Målet har vore å bruke ferdigheitstrening og simulering for å styrkje samhandlinga mellom sjukepleiarstudentane og praksisrettleiarane. Vi ønskte å auke læringsutbytet til studentane, samtidig som dei tilsette fekk kompetanse i å bruke simulering som pedagogisk metode, seier Elisabeth Forberg, ansvarleg for VirtSim i Helse Møre og Romsdal.
Deltakarane har mellom anna trena på handtering av sentralt venekateter, veneport, ventrikkelsonde og perifert venekateter etter gjeldande prosedyrar i HMR.
Gjennom realistiske pasientscenario har dei òg øvd på observasjon, klinisk vurdering, kommunikasjon og samarbeid når pasientar får forverra tilstand.
Styrkjer den kliniske kompetansen
S0imulering gir studentane høve til å omsetje teori til praktisk handling i trygge omgjevnader, forklarar Forberg
– Ferdigheitstrening og simulering gjer det mogleg å øve på prosedyrar og kliniske situasjonar før ein møter tilsvarande utfordringar i pasientbehandlinga. Det bidreg til å styrkje både fagleg tryggleik, klinisk vurderingsevne og samarbeid i team, seier ho.
Etter øvingane har deltakarane gjennomført strukturert refleksjon og debriefing for å analysere eigne handlingar og knyte erfaringane til teori og klinisk praksis.
– Når studentar og helsepersonell lærer saman, får dei eit felles språk og ei felles forståing av roller, ansvar og arbeidsmetodar. Det styrkjer både rettleiinga i praksis og samarbeidet rundt pasienten, seier Forberg.
Har utdanna ferdighetsinstruktørar og utvikla læringsressursar
Prosjektet har også bidrege til kompetansebygging i organisasjonen.
Så langt har prosjektgruppa:
- utvikla fire undervisningsfilmar om simulering som pedagogisk metode
- kursa 20 sjukepleiarar som ferdigheitsinstruktørar i Volda og Ålesund
- innført simulering og ferdigheitstrening som læringsmetode i fleire praksisstudium
– Vi ser ei aukande interesse for systematisk ferdigheitstrening og simulering ute i seksjonane. Prosjektet har vist kva moglegheiter som ligg i å bruke desse metodane som ein del av praksisstudia, seier Forberg.
Kan bli ei varig ordning
Prosjektet er finansiert gjennom midlar frå Regionalt samarbeidsorgan for utdanning, forsking og innovasjon, i kategorien kvalitet, relevans og kapasitet i praksisstudium.
No skal prosjektet sluttevaluerast.
– Tilbakemeldingane så langt tyder på at både studentar, praksisrettleiarar og utdanningsinstitusjonen ønskjer ei vidareføring. Når sluttrapporten er ferdig, skal det vurderast om modellen kan takast i bruk i fleire seksjonar eller etablerast som ein fast del av praksisstudia, seier Forberg.















