Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank tilbyr tenester innan klinisk kjemi, hematologi/koagulasjon og blodbank. I tillegg til prøver frå eigne pasientar ved sjukehuset, tek vi imot prøver til analyse frå legekontor og sjukeheimar i nærområdet. Vi samarbeider tett med medisinsk biokjemi og blodbank ved Ålesund sjukehus.

Opningstider for poliklinisk prøvetaking er måndag - fredag kl. 08:00 - 14:45

Ver merksam på at poliklinisk prøvetaking etter kl. 14:45 blir utført berre etter avtale med rekvirenten.


Dersom det må takast blodprøve etter kl. 14:45, må ein dessverre rekne med litt ventetid. Bioingeniør på vakt kan vere opptatt med prøvetaking og analysering knytt til akutte situasjonar. 

Bestillingsportal for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge finn du her: Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no). 

Vi tilbyr våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Varene sendast frå regionalt logistikksenter på Heimdal, og leverast på same måte som tidlegare, med intern levering ved henting av prøver eller via Bring. Forventa leveringstid er 3-5 arbeidsdagar.

Oversikt over dei ulike rekvisisjonsblankettane våre finn du i laboratoriehandboka.

Nokre ting å vere obs på i den nye bestillingsløysinga

Butterfly kan dessverre ikkje lenger kjøpast direkte frå oss, dette må kjøpast frå andre, til dømes NorEngros.

Du finn ikkje UN etikettar til å klistre på samleposer for sending av fleire konvoluttar i den nye løysinga. Desse kan du få ved å ta kontakt med oss på mail eller telefon, sjå kontaktinfo lenger nede.

Pga samordning av ein del prøvetakingsutstyr i regionen kan det vere at du ikkje finn akkurat dei same varene som tidlegare, men du skal fortsatt finne dei som trengs for prøver som sendast til oss for analysering. Til dømes ligg ikkje ein del spesialrør inne i den nye bestillingsløysninga, feks delvolumsrør (med kvit ring), desse kan sjølvsagt ved behov fortsatt fåast frå oss, i små kvanta, på vilkår av at prøvene vert rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal. Ta kontakt med Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund på telefon 70 10 56 00 for å bestille.

Om det er varer du likevel tenker manglar i løysinga, ta kontakt, så vil vi vurdere om det er noko vi må få lagt inn.

Kontakt oss

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda vo.medisinsk.biokjemi@helse-mr.no

Telefon: 70 10 56 00

Registrering

Om du ikkje alt er registrert, kan du registrere deg på Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no), trykk på knappen for «Opprett bruker».
Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 
Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.provetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.provetakingsutstyr@stolav.no.

Sjå også informasjon frå oss i Bioposten

Innformasjon frå oss finn du også under nyheiter i Metodeboka vår. Her kan du også abonnere på nyheiter. 

2026

Nr 3 2026 Ny formel for eGFR hos voksne
Interne rekvirentar
- Eksterne rekvirentar
Nr 2 2026 Ny analyse: Aktivt vitamin B12
Nr 1 2026 Overgang til ny metode for analysering av anti-TPO

2025

Nr 10 2025 Overgang til ny metode for analysering av hemoglobin i fæces
Nr 8 2025 Analysering av CD3, CD4 og CD8 i HMR
Nr 7 2025 Overgang til ny metode for analysering av kalprotektin i fæces
Nr 6 2025 Nye referansegrenser PSA
Nr 5 2025 Innføring av duplikatsjekk SR - gjeld HMR interne rekvirentar
Nr 4b 2025 Forsendelse og analysering av prøver ved medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset
Nr 4 2025 Forsendelse og analysering av prøver ved medisinsk biokjemi og blodbank SNR Hjelset
Nr 3 2025 Ny analysemetode for IgA, IgM, Homocystein, Revmatoid faktor,
Anti-CCP og Anti-TPO ved SNR
Nr 1 2025 Ny metode for albumin i serum

2024

HP Link nyhetsbrev (informasjon om ny funksjonalitet for prøvetaker)
Nr 4 2024 Diagnostikk av cøliaki
Nr 3 2024 Innføring av aldersjusterte beslutningsgrenser for vitamin B12

2023

Nr 14 2023 Ny enhet og nytt referanseintervall for AFP
Nr 13 2023 Oppstart av analysen Ammoniakk ved medisinsk biokjemi og blodbank Molde
Nr 12 2023 Ny metode for serumproteinelektroforese i Molde
Nr. 11 2023 Samling av allergidiagnostikk​​
Nr. 10 2023 Overgang til ny metode innen allergidiagnostikk​
Nr. 8 2023 Ny analyse Leverfibrose score FIB-4​​
Nr. 5 2023 Elektronisk svaroverføring: Bruk av feil NLK-kode for fritt T3
Nr. 4 2023 Nedleggelse av analysen U-elektroforese og innføring av serum frie lette kjeder i Molde 
Nr. 2 2023 Ny standardisering av CDT
Nr. 1 2023 Ny metode for Kalprotektin i avføring
Instruksjon for prøvetaking til Kalprotektin i avføring​

Eldre skriv kan skaffast på førespurnad til avdelinga.

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda

Seksjonsleiar Joar Ulstein
joar.ulstein@helse-mr.no


Ulike fagområde ved avdelinga

Blodbanken - Fagbioingeniør Helen Sylte Tjugen
Helen.Sylte.Tjugen@helse-mr.no 

Hematologi/koagulasjon - Fagbioingeniør Hanne Håskjold
hanne.haskjold@helse-mr.no

Preanalyse - Fagbioingeniør Monica Hovdenakk Engeset
monica.hovdenakk.engeset@helse-mr.no

Klinisk kjemi - Fagbioingeniør Oddvar Fossheim
oddvar.fossheim@helse-mr.no

Lab ekspedisjon - Helsesekretær Ingrid Myklebust
ingrid.myklebust@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

Opningstider prøvetakingspoliklinikk

70 05 82 91
  • Måndag - Fredag 08:00 - 14:45
  • Laurdag - Søndag STENGT
  • Måndag - Fredag 08:00 - 14:45
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Laboratoriet finn du i 1. etasje. Bruk hovudinngangen til sjukehuset.

Opningstider

  • I dag STENGT
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
  1. Hovudinngang
  2. Akuttmottak
  3. Volda DPS
  4. BUP
  • Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
  • Oransje markering: Parkering for HC
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 
  • Lilla: Ladestasjon
  • P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehus

Fly

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.