Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Avdeling for patologi
Avdeling for patologi utfører diagnostikk av sjukdommar ved analyse av celle- og vevsprøver. Ein stor del av arbeidet er kreftdiagnostikk. Makroskopisk og mikroskopisk vurdering av prøvemateriale gir saman med kliniske opplysningar grunnlag for ein diagnose. Vi svarar ut biopsiar og cytologiske prøver, og utfører obduksjonar for sjukehus og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal.
Det er ingen vaktberedskap ved avdeling for patologi.
All patologivirksomhet i Helse Møre og Romsdal HF vert utført ved Avdeling for patologi. Lokalisasjon: Ålesund sjukehus.
Prøvesvar blir sendt til rekvirerande lege. Vi opplyser ikkje prøvesvar direkte til pasienten. Vi ber deg om å ta kontakt med primærlegen din, då det er primærlegen som har ansvar for vidare oppfølging.
Gjennomsnittleg svartid på histologiske prøver/biopsiar er ei til halvanna veke. For cytologi må ein pårekne svartid på fire veker. Om det skal utførast spesialundersøkingar kan svartida blir noko lengre.
Foreløpig prøvesvar
Foreløpig prøvesvar kan bli gitt dersom prøvematerialet blir sendt til konsultasjon ved anna sjukehus, eller medan ein ventar på spesialundersøkingar.
For obduksjon vert foreløpig prøvesvar gitt innan om lag tre dagar. Endeleg svarrapport kan ein forvente innan tre månader.
Hasteprøve
Hasteprøver må merkast på remissen av rekvirenten.
Eit hastesvar kan vere klart neste arbeidsdag, om materialet er tilstrekkeleg fiksert og levert laboratoriet innan klokka 14:00 dagen før.
Telefonsvar blir gitt på hasteprøver i spesielle, avtalte tilfelle, for eksempel der behandling av pasienten må skje straks.
Vi tilbyr våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.
Varene sendast frå regionalt logistikksenter på Heimdal, og leverast på same måte som tidlegare, med intern levering ved henting av prøver eller via Bring. Forventa leveringstid er 3-5 arbeidsdagar.
Nokre ting å vere obs på i den nye bestillingsløysinga
Butterfly kan dessverre ikkje lenger kjøpast direkte frå oss, dette må kjøpast frå andre, til dømes NorEngros.
Du finn ikkje UN etikettar til å klistre på samleposer for sending av fleire konvoluttar i den nye løysinga. Desse kan du få ved å ta kontakt med oss på mail eller telefon
Pga samordning av ein del prøvetakingsutstyr i regionen kan det vere at du ikkje finn akkurat dei same varene som tidlegare, men du skal fortsatt finne dei som trengs for prøver som sendast til oss for analysering. Om det er varer du likevel tenker manglar i løysinga, ta kontakt, så vil vi vurdere om det er noko vi må få lagt inn.
Registrering
Om du ikkje alt er registrert, kan du registrere deg på Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no), trykk på knappen for «Opprett bruker». Deretter registrerer du deg slik:
Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)
No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.provetakingsutstyr@stolav.no.
Ved cytologisk diagnostikk analyserer vi prøver som består av celler frå pasienten. Dei er hausta anten ved å skrape på ei slimhinne med spatel/børste, sugd ut med ei tynn nål eller samla opp i vevsvæske. Prøvematerialet blir vurdert mikroskopisk med omsyn til celleforandringar. Dei fleste cytologiske prøvene kjem frå livmorhals, urin, bryst, thyroidea, pleura og ascites.
Undersøkingar
Avdelinga utfører rutinefarging og ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen.
Vi nyttar så vel cytokjemiske teknikkar som immunologiske og genetiske teknikkar.
Vi nyttar PreservCyt (ThinPrep) transportmedium (og børste/plastspatel) for prøvetaking. Rekvisita for prøvetaking bestillast via bestillingsskjema, rekvirentar tilknytta sykehus bestiller i SAP.
Celleprøver frå livmorhals er organisert i regi av Kreftregisteret og Masseundersøking mot livmorhalskreft. Vi utfører primær-testing på HPV-virus og mikroskopisk undersøkelse av innsendt materiale etter gjeldande retningslinjer frå Kreftregisteret.
HPV-testen er ein DNA-test som påviser opptil 14 ulike høgrisikotypar HPV. Testen er godkjent etter retningslinjer frå Kreftregisteret.
Resultatet av HPV-test blir der det er aktuelt gitt saman med svar på celleprøve tatt frå cervix.
Dersom du bruker papirrekvisisjon må den fyllast ut med svart tusj eller kraftig blekk på skrivaren. Hugs relevante kliniske opplysningar.
Dei histologiske prøvene (biopsiane) er små eller store vevsbitar. Det kan også vere heile organ som blir fjerna ved mistanke om sjukdom i vevet.
Prøvematerialet blir etter fiksering, nøyaktig makroskopisk vurdering og kjemisk preparering skore i tynne snitt og lagt på objektglas. Vevet blir farga med ulike fargestoff, slik at struktur og enkeltceller kan bli studerte i mikroskop. Ein diagnose blir stilt på bakgrunn av kliniske opplysningar og nøyaktig makroskopisk og mikroskopisk vurdering.
Frysesnitt
Frysesnitt på vev frå pasientar blir utført mens operasjonen er i gang. Dette tilbodet er til stor hjelp for kirurgen, fordi vi får ein foreløpig diagnose under operasjonen.
Informasjon til rekvirenten
Fiksering av vev skjer som regel i 4 % bufra formaldehyd (det same som 10 % bufra formalin). Bruk rikeleg mengde fikseringsvæske og stort nok prøveglas slik at væska omsluttar vevet heilt.
Dersom du bruker papirrekvisisjon må den fyllast ut med svart tusj eller kraftig blekk på skrivaren. Hugs relevante kliniske opplysningar.
Undersøkingar
Avdelinga utfører rutinefarging og ei rekke spesialundersøkingar for å dokumentere diagnosen. Vi nyttar så vel histologiske teknikkar som immunologiske og gentekniske teknikkar.
Er det aktuelt å få utført obduksjon? Ring Avdeling for patologi, HMR først for å avtale obduksjon og prosess.
Nummer til preparanttelefon: 909 96 408.
Telefonnummer til avdelinga: 70 10 66 21.
Ved obduksjon (autopsi) blir den døde undersøkt. Etter grundig gjennomgang av kliniske opplysningar og mikroskopisk vurdering av vev frå ulike organ ønsker ein å fastslå dødsårsaka, kva sjukdommar avdøde leid av, sjukdommane sin verknad på avdøde si helse og vurdere effekt av eventuell behandling.
Obduksjonar er ei viktig kvalitetssikring av helsevesenets diagnostikk og behandling. Ein kan av og til avdekke feilbehandling og sjukdommar ein ikkje visste at pasienten leid av. Obduksjon er også viktig for nasjonale statistikkar over dødsårsaker. Obduksjonar blir rekvirert av lege. Svar på obduksjonen får ein ved å kontakte legen.
Rettslege obduksjonar rekvirerast av politiet i samband med ”unaturlege dødsfall”. Obduksjonane dannar ofte eit viktig grunnlag for tiltalen i straffesaker. For å få svar på rettsleg obduksjon kontaktar ein politiet.
Informasjon om rekvirering av obduksjon frå primærhelsetenesta finn du her.
Immunhistokjemi
Ved immunhistokjemiske teknikkar nyttar ein kjende antistoff til å gjere immunologiske undersøkingar av ulike celle- og vevskomponentar. Denne typen analysar nyttast i stor skala og blir stadig viktigare ettersom nye behandlingsmåtar kjem til, og krav til dokumentasjon aukar.
Spesialundersøkingar basert på molekylærpatologi vert utført etter behov, på bestilling frå rekvirent eller patolog.
Patolog bestiller ulike spesialfargingar ved behov.
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Dei fleste bussar stoppar ved Passasjen parkering, parkeringshuset nord for hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Gå via parkeringshuset og ta trappa/heisen ned til første etasje der du kjem rett til hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Treng du nokon å snakke med? Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.
Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, like ved hovudinngangen.
Kafé
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje, fløy M. Velkomen!
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.
Opningstider:
Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.