Fem entreprenørar ønsker å bygge akuttsjukehuset på Hjelset

Totalt fem totalentreprenørar har søkt om å bli kvalifisert til å gi tilbud på oppdraget med å bygge av nytt felles akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Fristen for å kvalifisere seg var kl.12.00 i dag.

Guri Viken
Publisert 14.05.2021

​- Vi er godt fornøyd med at solide og erfarne firma ønskjer å gi tilbod på oppdraget. Vi vil no gå gjennom søknadane, vurdere dei opp mot kvalifikasjonskrava og velje ut inntil fem entreprenørar som blir invitert til å levere tilbod innan fristen 12. juli, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal.

Skal kutte kostnadar

Konkurransen som er ein totalentreprise med samhandling har ein budsjettramme på 2,1 milliardar kroner. Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor ramma. Ein vil sjå på og vurdere ulike kostnadsreduserande tiltak utan å endre funksjonar og kapasitet som er vedteke i forprosjektet.

Gjennom ein samhandlingsfase skal entreprenøren saman med prosjektorganisasjonen og tilsette i Helse Møre og Romsdal finne tiltak som sikrar gode løysingar og ei forsvarleg økonomisk gjennomføring av prosjektet.

- Vi søker etter eit firma med solid utviklings- og samhandlingskompetanse og som har ein klar plan for korleis prosjektet skal gjennomførast og målet er å inngå kontrakt med ein av entreprenørane hausten 2019, seier Heimdal.

Ein del av løysinga for HMR

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge. I tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset vil SNR bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Fellessjukehuset på Hjelset blir eit komplett somatisk akuttsjukehus inkludert psykisk helsevern. Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt til 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. halvår  2024.