På lag med deg for helsa di

Om oss

Helse Møre og Romsdal HF har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Våre hovudoppgåver er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande.

Kontakt oss

Helse Møre og Romsdal har om lag 6 400 tilsette og leverer tenester til om lag 268 000 innbyggjarar i Møre og Romsdal. Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og fleire mindre institusjonar. Budsjettet for 2023 er på 7,4 milliardar kroner.

Visj​​on

Vår visjon er å vere på lag med deg for helsa di.

Verd​iar

Kjerneverdiane våre er tryggleik, respekt og kvalitet

Det betyr at vi skal:

  • Vise ansvar og respekt for pasienten
  • Vere oppdatert og framtidsretta, og stille høge krav til kvalitet på tenestene våre
  • Vere nær og engasjert, og la openhet prege dialogar og samarbeid

M​ål

Helse Møre og Romsdal skal vidareutvikle seg for å møte framtidas utfordringar, og vi skal sikre likeverdige tenester med god kvalitet tilpassa pasientane sine behov innanfor dei rammene vi har fått.


Befolkingstal i Helse Midt-Norge (2023)

  • Midt-Norge: 746 835
  • Møre og Romsdal: 268 365
  • Trøndelag: 478 470

Administrerande direktør Olav Lødemel

Her finn du oversikt over føretaksleiinga i Helse Møre og Romsdal.
Leiinga ved Helse Møre og Romsdal
En mann som står foran en bygning

Organisasjonskart
Organisasjonskart Helse Møre og Romsdal HF, oppdatert 27. mai 2024.

Hovudverneombod/føretaksverneombod Inger Ann Synnes Kjerstad
inger.ann.synnes.kjerstad@helse-mr.no 

Nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal HF byggjer eit nytt fellessjukehus for befolkninga på Nordmøre og i Romsdal. Her kan du følgje aktivitetane i prosjektet.
Nye SNR
En person som går på et fortau

Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet, og har eit særskilt ansvar for å forvalte desse ressursane på ein bærekraftig måte.

Staten stiller gjennom Eierskapsmeldingen St.6 (2022-2023), krav og forventninger til at statlig eide virksomheter er ledende i arbeidet med ansvarlig virksomhet. Statens mål som eier er at virksomheter i spesialisthelsetjenesten drifter bærekraftig og har mest mulig effektiv oppnåelse av helsepolitiske mål. Eierskapsmeldingen inkluderer ambisjoner, mål og strategier innen sosiale forhold, miljøforhold og økonomiske forhold. 

 

Alle styrande dokument for Helse Møre og Romsdal er lagt ut i styreadministrasjonen for Helse Midt-Noreg.  
Styrande dokument for Helse Møre og Romsdal

Jobb i Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsstad der du får gode vilkår for både fagleg og personleg utvikling. Det er eit stort mangfald av yrke og stillingar som skal til for å oppfylle visjonen vår om å vere "på lag med deg for helsa di."
Velkommen til oss!
Gode kollegaer som ønsker deg velkommen til Helse Møre og Romsdal

Beredskap

Beredskapsplanverket skal bidra til at Helse Møre og Romsdal kan tilby befolkninga nødvendige og forsvarlege helsetenester også når ekstraordinære kriser og hendingar oppstår. 

Beredskap
En gruppe mennesker som står ved siden av et fly
Sist oppdatert 22.03.2024