Forlenger søknadsfrist til stillingar som klinikksjefar og stabsdirektørar

Helse Møre og Romsdal forlenger søknadsfristen til den 1. juli for dei utlyste stillingane som klinikksjefar og stabsdirektørar. Opprinneleg var fristen den 6. juni.

Trine Kvalheim
Publisert 09.06.2016

​– Vi har fått inn søkarar på alle stillingane, men ser at interessa for dei ulike stillingane varierer noko, seier Espen Remme adm.dir. i Helse Møre og Romsdal. Han ønskjer seg fleire kandidatar til stillingane, og trur det er naturleg at mange treng meir tid for å vurdere om ei slik stilling kan vere aktuell. - Dette er stillingar som ikkje blir lyst ut ofte i helseføretaket, og vi trur at ein forlenga frist gjer at fleire kandidatar blir merksame på stillingane og kan ta kontakt for å høyre nærare om kva dette inneber, seier Remme.


Desse stillingane er lyst ut

Sjå alle ledige stillingar 


(Stillingsannosar på WebCruiter) 

 

Les også: Betydelege endringar i toppleiinga

Avgjerdsgrunnlag for organisasjonsmodellen