Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ønsker seg fleire blodgivarar

Blodbanken i Molde har fått nye og oppgraderte lokalar.

Publisert 30.03.2016

 

En gruppe mennesker i hvite labfrakker
Kristoffer Nortun, Ragnhild Øvstedagl, Brit Valaas Viddal og May Lise Ervik testar fasilitetane i dei nye lokala.

Blodbanken i Molde har fått ny drakt og blitt nesten dobbelt så stor. Torsdag arrangerte dei open dag for å vise fram dei nye lokala og kanskje rekruttere fleire blodgivare. Over 30 tok turen innom.


Vil gjerne ha fleire givarar

- Vi er veldig nødge, og lurar vel eigentleg på korleis vi fekk kvardagen til å gå rundt tidlegare, seier fagbioingeniør Katrine Rindarøy.

I 2014 vart det tappa ca 1000 liter blod ved Blodbanken i Molde, og i snitt blir det utlevert mellom 40 og 50 posar blod per uke.

 - Per i dag har vi ca 1300 blodgivarar, men vi ønsker oss gjerne fleire, seier fagbioingeniør Katrine Rindarøy.

Meir kriseblod

 - Dei blodtypane folk flest har, blodtype A og 0, er det vi treng mest. Men det vi gjerne vil ha meir av er det vi kaller for kriseblod, 0 rhesus minus, som kan gis til alle pasientar, sier Rindarøy.

Ei blodgiving tar i snitt ca 30 - 45 minutter. Selve tappinga tar 7-10 minutter, medan givaranefår servert drikke.

 - I tillegg får ein med seg ei lita gåve som takk for hjelpa etterpå, seier Rindarøy som oppfordrer folk  til å tenke over om ein vil gjere ei innsats og gi blod.

En gruppe mennesker i hvite labfrakker

F.v Ragna Ulset Aaram, Ragnhild Øvstedal, Eva Vilnes Guvåg og May Lise Ervik.

Publisert: 11.03.2016