Vanskeleg å prate, smile eller løfte armane? Ring 113!

Har du mistanke om hjerneslag skal du ringe 113 med ein gong. Kjenner du til symptoma kan du redde liv.

Helsedirektoratet/Helse Møre og Romsdal
Publisert 27.10.2016
Syklist i hjerneslagkampanjen. Tekst: Prate, smile, løfte
Hjerneslagkampanjen. Foto: Helsenorge

​Hjerneslag oppstår plutseleg og kor som helst, og kvart år blir rundt 12 000 ramma i Noreg.

Alle kan kome i ein situasjon der det er avgjerande å kjenne igjen symptoma på hjerneslag.  Om nokon plutseleg får problem med å prate tydeleg, smile eller løfte hendene over hovudet, må du ringe 113 så fort som mogleg.

– Det å ta kontakt fort er alfa omega. Tida er ekstremt viktig. Ta kontakt med det same du ser symptom som kan minne om hjerneslag, oppfordrar nevrolog og avdelingssjef ved nevrologisk avdeling i Helse Møre og Romsdal, Åse Hagen Morsund.

Erfaringar frå Noreg og utlandet viser at pasientane sjølve eller pårørande ofte er det leddet som forsinkar behandling av hjerneslag. Dei gjenkjenner ikkje symptoma og ventar for lenge med å kontakte helsetenesta.

Kvart sekund tel

Viss den slagramma kjem raskt til vurdering og behandling er moglegheitene større for å unngå varige skader.

Det er grunn til å tru at mange ventar med å ringe 113 fordi dei er usikre på om symptoma er alvorlege nok eller at dei er redde for å vere til bry.

– Når du ringer 113 treff du folk som har kunnskap og veit kva dei skal gjere. Dei er drilla på å fange opp og bidra til at pasientane kjem inn raskast mogleg. Til raskare ein kjem til sjukehus til større er sjansen for god behandling og redusere skaden, og kanskje bli heilt frisk, forklarer Morsund.

Kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje ver redd for å ringe 113 om du er i tvil – det er deira jobb å vurdere situasjonen. Ring heller 113 ein gong for mykje enn ein gong for lite.

 

​Fakta om hjerneslag

  • Rundt 12 000 får hjerneslag i Noreg kvart år. Sjukdommen er den tredje hyppigaste dødsårsaka i landet, og den vanlegaste årsaka til alvorleg funksjonshemming og langvarig institusjonsomsorg.
  • Hjerneslag oppstår plutseleg på grunn av blodpropp eller bløding i hjernen.
  • Hjerneslag kan ramme både unge og gamle. Risikoen aukar betydeleg med alderen, og gjennomsnittsalder for førstegongs hjerneslag er 75 år for menn og 78 år for kvinner. Tre av fire som får hjerneslag er over 70 år.
  • Problem med å prate tydeleg, smile eller løfte armane over hovudet er vanlege symptom.
  • Prognosen er betre når pasienten kjem tidleg til behandling, og kan behandlast med blodproppløysande middel eller mekanisk fjerning av proppen. To millionar hjerneceller dør kvart minutt dei første timane etter at hjerneslaget har inntreft.

Les meir om hjerneslag på helsenorge.no