Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt høyrselstilbod ved Volda sjukehus

Torsdag 27.april var det høgtideleg opning av nytt høyrselstilbod ved Volda sjukehus. Tilbodet er i regi av høyrselssentralen i Ålesund og vil ha opent med to audiografar 2 gonger i månaden.

Publisert 27.04.2017
Sist oppdatert 28.04.2017
Bjarne Øye klipper over høyreslangen for å opne det nye høyrselstilbodet ved Volda sjukehus.
Bjarne Øye opnar nytt hørselstilbod ved Volda sjukehus. Gøril Ohrstrand (Høyrselssentralen i Ålesund) og Magny Brautaset (HLF Volda/Ørsta) heldt ein høyreslang mellom seg.

Ein gledeleg dag

– Dette er ein gledenes dag for oss i Hørselshemmedes Forbund Volda/Ørsta (HLF), sa leiar Bjarne Øye.  – Vi har jobba lenge for å få dette til. Vi har alt fått telefoner fra Herøy og Hareid om når tilbodet opnar.
Gøril Ohrstrand fortalte at høyrselssentralen i Ålesund har klart å få ned ventelistene til mellom 8 og 10 veker. På det verste var det opp til 1,5 års venting i Ålesund. Det har gjort det mogleg å tenke på anna enn å få ned ventelistene. Ho sa at dei var spente på korleis dette ville gå og at ein må ta ei evaluering når ein har halde på ei stund.

Oppfølgingar og kontrollar

Nye pasientar må framleis til Ålesund, då ein ikkje har nok utstyr til å gjere testar og heller ikkje tilgang på lege i Volda, men oppfølging og kontrollar kan ein no få i Volda. Du bestiller time via høyrselssentralen i Ålesund, og kan gi beskjed om at du vil ha time i Volda.

Viktig for Volda sjukehus

Leiar i HLF Volda/Ørsta overrekte blomster til Høyrselsentralen ved Gøril Ohrstrand og til Trygve Hovdenakk ved Volda sjukehus for hans innsats med å ordne to kontor ved Volda sjukehus. Og Øye fekk sjølv blomster for sin langvarige innsats for å få tilbodet etablert.
Sjukehuskoordinator ved Volda sjukehus, Knut Nautvik, sa at dette er ein merkedag for Volda sjukehus og at tilbodet er viktig for sjukehuset. Han takka HLF for arbeidet og overrekte blomster til nestleiar Magny Brautaset.

Klokka 14 kom den første pasienten.

Sjå også:

Høyrselssentralen i Ålesund

Høyrselssentralen i Molde

Sjølvhjelpshandbok for deg som har tinnitus