Styret med tydeleg signal
Resultatet for august månad blei 16,7 millionar kronar dårlegare enn venta.
Styret ga i dag tydeleg signal på at arbeidet må halde fram med uforminska styrke og dei ventar ei endring i utviklinga. Årsprognose for 2017 er 103 millionar i minus.
- Vi må ikkje slutte å tru at 2 % forbetring ikkje er innafor det vi klarer, for det er det, seier styreleiar Stein Kinserdal.
Han opplever at det er satt i verk mange grep, og at det no er avgjerande at organisasjonen klarer å stoppe kostnadsutviklinga.
- Det må vere ei grunnleggande forståing for at budsjettet ein disponerer er det som gjeld, seier styreleiar Stein Kinserdal.
Innsatsteama har starta arbeidet
Sidan førre styremøte har det vore jobba med å sikre forankring og ei erkjenning av utfordringane i organisasjonen, og første møterunde mellom innsatsteama og klinikkane er gjennomført. Adm. dir. Espen Remme er overtydd om at helseføretaket i fellesskap vil klare å snu situasjonen, men det krev ein større gjennomføringsgrad i heile organisasjonen.
- Etter første runde med innsatsteama opplever vi at alvoret er forstått, og vi får konstruktive innspel og forslag. I møta med leiarane opplever vi at fleire ser at vi må ta denne reisa saman, og eg trur bodskapen er forstått, seier Remme.
Økonomidirektøren kunne fortelje at av over 200 seksjonar og kostnadsstadar har 56 % negative avvik, medan 44% driv innanfor ramma. Nilsen presiserer at for dei som har avvik så handlar det ikkje nødvendigvis om effektivitet, det kan også vere ramma som er fordelt i frå starten av.
- Vi ser ikkje berre på den enkelte eininga si ramme, men samanliknar også tal på effektivitet, for vi veit det kan vere fleire årsaker til negative avvik.
Må ha to parallelle arbeid gåande samtidig
I saka blir det også understreka at ein i omstillinga må ha to parallelle arbeid gåande samtidig.
- Det kortsiktige for å stoppe overforbruk, og den langsiktige som mellom anna er knytt til fag, helseutviklinga i befolkninga, funksjonar, strukturar og SNR, seier Remme.
- Vi må organisere arbeidet vårt annleis for å møte helseutviklinga. Det gjer kommunane og det gjer andre helseføretak. Framover må inn på ein kurs der vi diskuterer saker som blir vanskelege og der vi truleg også må ta upopulære avgjerder, seier Remme.
Intensivert tiltakspakke
Basert på den økonomiske utviklinga og etter sist styrebehandling, har adm. dir. og leiargruppa utarbeidd ein intensivert tiltakspakke. Denne består av følgjande:
- Etablering av innsatsteam. Eitt for kvar av klinikkane og eit for stab. Deltakarar er fagrådgjevar, controllar og HR-rådgjevar. Leiinga er fordelt mellom fagdirektør, HR-direktør og økonomidirektør. Teama har hyppige møter, nær oppfølging og arbeider med konkretisering av eksisterande tiltak og nye tiltak.
- Omstillingsmøte med oppstart i veke 38. Månadlege møte mellom adm.dir. og kvar klinikk med tilhøyrande innsatsteam, tillitsvalde og verneombod.
- Sentral godkjenningsordning før utlysning av stillingar, frå veke 39. Alle ledige stillingar ein ønskjer å lyse ut må gjennom eit sentralt godkjenningsutval før evt. utlysning. Tilsvarande utval finn ein også ved St.Olavs hospital.
- Leiaravtalar skal vere på plass seinast 1. november. Formalisert leiaravtale som inneheld viktige nøkkeltal for økonomi, fag og HR. Økonomisk balanse hovudfokus i første omgang.
- Risikovurdering av budsjettarbeidet 2018 på alle nivå. I styremøte i oktober blir det lagt fram sak budsjettarbeidet med risikovurdering.
Les heile styresaka her.
Rehabilitering av fasade ved Ålesund sjukehus
Behov for rehabilitering av fasaden blei oppdaga etter stormen «Tor» i 2016, da plater blåste ned frå sørveggen og avdekka skader som skuldast konstruksjonsfeil og ikkje manglande vedlikehald.
Kledning av sørfasaden på høgblokka blei tatt ned av omsyn til tryggleiken, og betongen er primet. Den kan likevel ikkje stå slik gjennom vinteren og kompenserande tiltak må iverksettast.
Skisseprosjekt og prosjekteringsarbeid er gjennomført, og helseføretaket har motteke rammeløyve frå Ålesund kommune. Fasadane har ei flate på om lag 13.400 m2, og rehabiliteringa gjeld også vindauge, solskjerming, isolasjon og etterleving av andre tekniske krav.
Tidsplanen for rehabilitering er planlagd i tre byggetrinn med første gjennomføring i 2017-2018.
- Byggetrinn 1 – 85 MNOK P85
- Byggetrinn 2 – 80 MNOK, P85
- Byggetrinn 3 – 90 MNOK, P85
I tillegg er det behov for ny 400V for Ålesund sjukehus. Ifølgje orienteringa frå adm.dir. er det i dag for liten plass og minimalt høve til kapasitetsutvidingar ved dagens straumforsyningsanlegg. Den tilfredsstiller heller ikkje gjeldande forskrift. Det er også driftskritisk å få etablert nye hovudfordelingar med tanke på utvidingar av bygg, installering av nytt MTU og anna teknisk utstyr.
- I styremøte i oktober vil vi legge fram forslag til finansiering av fasade og straumforsyning. Det har vore avstemt med Helse Midt-Norge at vi tek dette som ei orientering i styret dag og at det blir ei vedtakssak i oktober, seier Remme.