Glatte forhold gir kø på operasjonsstovene
Det gjer at planlagde operasjoner blir avlyst på kort varsel grunna pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp-operasjon.
Glatt føre skaper kø: - Fleire operasjonar har diverre blitt utsatt på kort varsel, seier ortoped Erland Hermansen.
Det glatte vinterføret har ført til massivt trykk på operasjonsstovene på sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.
Kan bli avlyst på kort varsel
- Slik situasjonen er no må vi prioritere dei pasientane som kjem inn og som treng akutte operasjonar. Det betyr at nokre operasjonar blir utsatt på kort varsel, og at det dermed blir noko lengre ventetid for pasientane som ventar på ein planlagd operasjon, seier ortoped Erland Hermansen.
- Stort trykk
Hermansen er avdelingsleder for dei ortopediske legane i Ålesund og Volda, og stadfestar at situasjonen er tilsvarande på dei andre sjukehusa i helseføretaket.
- Vi har hatt stort trykk på operasjonsstova. Berre denne veka har det vore eit 20-tals pasientar frå heile fylket som treng øyeblikkelig hjelp. Dette aukar presset på øhjelps-kapasiteten vår, seier Hermansen og oppfordrer folk til å ta ekstra godt omsyn til føreforholda når dei er ute.