Ti tips til pollenallergikarane

Vi går inn i ein det som ser ut til å bli ein heftig pollensesong. Her er legens beste råd.

Publisert 12.04.2018

Overlege Anders Moen

Overlege Anders Moen ved barneavdelinga, sjukehuset i Ålesund har følgjande tips til allergikarar.

  1. Start medisineringa tidleg, helst før pollenspreiinga er i gong.   
  2. Hugs at medisinanen skal tas regelmessig og verkar forebyggjande, sjølv om du enkelte dagar ikkje har særlege plagar.
  3. Vask henda før du gnir deg i auga.
  4. Dekk til nase og munn med solbrillar eller maske om du er i område med mykje spreiing.
  5. Ha igjen bilvindauget når du er ute og køyrer
  6. Ikke luft soverom eller ha opne vindaugar i huset på dagar med mykje pollenspreiing
  7. Ikke luft sengekle eller tørk kle utandørs i pollensesongen
  8. Demp alkoholkonsumet, alkohol påverkar symptoma slik at plagene kan auke
  9. Ta ein kort dusj eller skyll håret før leggetid
  10. Vurder eventuell allergivaksine.

Les meir om tilboda som finst på Ålesund sjukehus for barn og ungdom: