Korleis bør born i seteleie fødast?
Norge har lenge vore langt framme på vaginal forløysing av barn i seteleie. Det er ein praksis vi bør fortsette med, bekrefter ny forsking frå Helse Møre og Romsdal.
- Det er så mange myter rundt det med seteleie og det er mykje informasjon der ute for gravide. Mange les nok også det dei har lyst til å høyre, og ein del av motivasjonen min bak studien var å bruke materialet til å gi kvinner meir kunnskap om vaginal fødsel og motivere for å føde slik, også ved setefødslar.
Det fortel fødselslege ved sjukehuset i Ålesund og doktorgradsstipendiat ved NTNU, Solveig Bjellmo. Ho er i ferd med å avslutte doktorgrada rundt eitt av dei mest kontroversielle spørsmåla i moderne obstetrikk: Korleis skal eit foster som ligg i seteleie til termin fødast? Skal det alltid gjerast planlagt keisarsnitt, eller vil det vere best for barnet å bli født vaginalt?
Ingen auka risiko for CP
- Denne problemstillinga blei enda meir kontroversiell etter at The Lancet i 2000 publiserte ein studie som viste at barna som var randomisert til vaginal fødsel hadde auka døyelegheit. Mange land innførte då retningslinjer som sa at alle seteleier skulle fødast ved planlagt keisarsnitt, og at vaginal fødsel burde unngås, forteller Bjellmo.
I Norge har anbefalingene heile tiden vore at vaginal fødsel ved seteleie er trygt under gitte forutsetninger, og som følge av det vert rundt 30 prosent av seteleier fødd vaginalt i dag.
Då Bjellmo fekk kontakt med Torstein Vik, professor emeritus i pediatri ved NTNU, oppdaga ho at dei to hadde ulike innstillingar til denne praksisen.
- Torstein hadde i forskinga si frå 2007 funne ein litt auka risiko for cerebral parese og var nok meir skeptisk til vaginal fødsel av seteleie, medan eg var veldig positivt innstilt. Det gjorde at vi møttast på midten og var opne for å sjå kva resultata ga oss, fortel Bjellmo.
Vik ønska nemlig å sjå på denne problemstillinga på nytt, men med eit større tallmateriale. Det var Bjellmo også svært interessert i. Med Vik som rettleiar satte Bjellmo først i gong med å undersøke om nasjonale data kunne bekrefte at det i Norge etter år 2000 er trygt å føde barn som ligg i seteleie, vaginalt.
- Vi fant ingen auka risiko for CP. Det vi fann var ein auka risiko for at barnet skulle dø i nyfødtperioden, men at den absolutte risikoen for å dø var svært lav, forteller Bjellmo.
Konsekvensar for påfølgande svangerskap
I den neste studien undersøkte dei derfor fødselsforløpa til barna som døydde i nyføddperioden. Dette for å sjå om retningslinjene for slike fødsler vart ble følgd, og om barnet ville overlevd, dersom ein hadde gjort planlagt keisarsnitt.
- Vi fann haldepunkt for at fleire av dødsfalla kunne vore unngått om ein hadde utført planlagt keisarsnitt. Men sidan den absolutte risikoen for død er svært lav, ville ein vore nøydd til å gjere keisarsnitt på 5-600 kvinner for å unngå eitt dødsfall, seier Bjellmo.
Forskarane bestemte seg derfor for å gå i gang med ein tredje studie som tek for seg langtidskonsekvensene av keisarsnitt. Der ser de på korleis det går med mor og barn i det påfølgande svangerskap, der mor hadde keisarsnitt i det første.
- Vår hypotese er at tidlegare keisarsnitt aukar risikoen for komplikasjoner i det neste svangerskapet, noko preliminære analyser i denne studien ser ut til å bekrefte. Spesielt ser det ut til å være ein lett auka risiko for cerebral parese eller for at barnet døyr i mors liv i det påfølgande svangerskapet, fortel Bjellmo.
Nøktern og sakleg informasjon
Fødselslegen håpar forskinga fører til at den norske praksisen på området fortsett slik den er i dag, og at både fødande kvinner og helsepersonell kan bruke materialet til å bli trygge på at vaginal forløysing i mange tilfelle kan være det beste når barnet ligg i seteleie.
- Vi får stadig meir kunnskap om langtidskomplikasjonar ved keisarsnitt, som for eksempel auka risiko for både mor og barn i neste svangerskap. I tillegg trur vi også at det skjer ting under vaginal fødsel som er bra for barnet og vi ser at barn født ved keisarsnitt har en økt risiko for astma, overvekt og enkelte andre sykdommer, sier Bjellmo.
Ho påpeikar at målet må være at alle får den samme informasjonen uansett kor i landet dei bor og at informasjonen blir gitt på ein sakleg og nøktern måte utan å skremme.
- Dette er viktig kunnskap som vi no håpar kjem inn i den nye fødselsrettleiren, og som kan bidra til at vi tek gode avgjersler når det gjeld fødselsmåte hos ei mor med eit barn i seteleie, avslutter Bjellmo.
Fakta
- I Norge blir ca. 30 prosent av kvinner med eit foster i seteleie til termin forløyst vaginalt.
- Studien viser noko auka risiko for død for barn ved vaginal fødsel i seteleie samanlikna med hovudleie. Den absolutte risikoen for å dø er imidlertid svært lav også for barn i seteleie (1 av 1000, mot 1 av 3000 i hovudleie).
- Ved tidlegare keisarsnitt har ein i neste svangerskap auka risiko for morkakekomplikasjonar, risiko for «revning» av livmorveggen og auka risiko for å oppleve intrauterin fosterdød samanlikna med kvinner som har vaginal fødsel i første svangerskap. Den absolutte risikoen for desse komplikasjonane er også svært lav.
- I Norge vert 16-17 prosent, eller hvert sjette barn, fødd ved keisarsnitt. To tredjedelar av desse er gjennomført akutt på grunn av komplisert fødsel.
- USA har ein keisarsnittandel på 30 prosent, mens nokre land, som Brasil, har opp mot 50 prosent keisarsnitt.
- WHO estimerte i 2008 at det årleg vert gjort ca. 6,2 millioner keisarsnitt utan medisinsk indikasjon.
- I enkelte utviklingsland utan god tilgong til helsetenester vert det gjort det under 1 prosent keisarsnitt.
Publikasjoner
- Is vaginal breech delivery associated with higher risk for perinatal death and cerebral palsy compared with vaginal cephalic birth? Registry-based cohort study in Norway. Bjellmo S, Andersen GL, Martinussen MP, Romundstad PR, Hjelle S, Moster D, Vik T. BMJ Open. 2017 May 4;7(4):e014979. doi: 10.1136/bmjopen-2016-014979. PMID: 28473516
- Adherence to guidelines and suboptimal practice in term breech delivery with perinatal death- a population-based case-control study in Norway. Bjellmo S, Hjelle S, Krebs L, Magnussen E, Vik T. BMC Pregnancy Childbirth. 2019 Sep 9;19(1):330. doi: 10.1186/s12884-019-2464-7. PMID: 31500581
Denne saka kan du også lese i Nasjonal forskings- og innovasjonsrapport for 2019.