Blir klinikksjef for Klinikk SNR

Britt Rakvåg Roald er tilsett som ny klinikksjef ved Klinikk Sjukehuset Nordmøre og Romsdal etter å ha vore konstituert i stillinga sidan august.

Publisert 14.12.2022
Britt Rakvåg Roald

Britt Rakvåg Roald

​- Å leie klinikk SNR er ei utfordrande og samtidig svært spennande leiarstilling. Klinikken skal samle seg om ny organisering fram mot nytt fellessjukehus, samstundes som vi skal sikre det aller viktigaste som er pasienttilbodet, seier Rakvåg Roald.

​​​​​​​Ho ser fram til å utvikle klinikken vidare i samarbeid med dyktige fagfolk og leiare.

Rakvåg Roald har vore HR-direktør i føretaket sidan hausten 2021. Ho kom til føretaket frå stillinga som assisterande kommunedirektør og fungerande kommunedirektør i Molde kommune.

Ho er utdanna fysioterapeut og bedriftsøkonom, og har leiarutdanning gjennom det nasjonale toppleiarprogrammet.

- Eg er glad for at Britt har takket ja til å ta på seg oppgåva med å leie klinikken framover. I tida som kjem skal vi jobbe vidare med å sikre gode fagmiljø og framtidsretta spesialisthelsetenester for befolkninga i Nordmøre og Romsdal. Eg er trygg på at Britt har eigenskapane og er villig til å leggje ned arbeidet som krevjast for å lukkast, seier adm.dir Øyvind Bakke.