Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

HMR Nær

Heimesjukehus for barn og unge

– Vi vil gjere sjukehuset meir tilgjengeleg der pasientane er. Barn og unge har det best heime når dei får vere saman med familien og vennar, seier Maria Øvergård Vike.

Publisert 01.12.2023
En gruppe kvinner som smiler
Frå venstre: Heidi Skillestad, Maria Øvergård Vike, Marit Grødem Skjong og Turi Søvik.

Barne- og ungdomsavdelinga ved Ålesund sjukehus har starta med Avansert heimesjukehus. Tidlegare i haust var det markering med kake og informasjon om kva det inneber å tilby heimesjukehus.  

– Vi skal gi avansert behandling heime og på skulen. Vi skal ikkje overta oppgåvene til heimesjukepleien, men samarbeide med dei og andre aktørar, sa barnesjukepleier Heidi Skillestad. 

 

En kake med et budskap på
Feiring av oppstart med kake.

 

Avansert heimesjukehus inneber behandling, pleie og oppfølging til barn og unge heime, så lenge det er trygt og praktisk, som eit alternativ til opphald på sjukehus. Digital oppfølging er også eit tilbod innan Avansert heimesjukehus. Tilbodet er ikkje avhengig av diagnose, men av helsetilstand og behandlingsbehov, og om barnet og familien ønsker det. 

Maria Øvergård Vike, tidlegare prosjektleiar, fekk blomster og vart takka for innsatsen med oppstart av heimesjukehus ved Barne- og ungdomsavdelinga. Vike søkte og fekk tildelt innovasjonsmidlar til oppstart av prosjektet. 

 

En person som holder en baby
Avtroppande prosjektleiar, Maria Øvergård Vike (t.h.), fekk blomster frå Turi Søvik.

– Vi lykkast best om vi omtaler kvarandre i positive ordlag og framsnakkar heimesjukehus med kvarandre. Eg trur denne tenesta vil vekse framover, sa Maria Øvergård Vike i takketalen. Ingvill Hareide Rødal er påtroppande prosjektleiar etter Vike.

 

Gode erfaringar frå andre sjukehus 

Marit Grødem Skjong har skrive masteroppgåve om etableringa av heimesjukehus for barn og unge i Norge. Ho er barnesjukepleier og starta ved Nyfødt intensiv i vår, men jobbar no ved Barne- og ungdomsavdelinga. Før flyttinga til Ålesund jobba ho to år med Avansert heimesjukehus ved Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. 

– Heimesjukehus blir sjukehuset sin forlenga arm heim til pasientane. Det er mykje ein kan gjere heime, i barnehagen eller på skulen. For eksempel kan ein ta blodprøver, gi infusjonar, antibiotika, cellegift, ha undervisning, diabetes-oppfølging og gjennomføre søvnregistrering. 

 

– Heimesjukehus blir sjukehuset sin forlenga arm heim til pasientane.

 

Marit har erfart at mange pasientar er takknemlege for å vere heime så mykje som mulig og at tilbodet er ønska. 

– Den normale kvardagen betyr utruleg mykje. Søsken får vere saman med barnet som er sjukt og heile familien kan vere samla, fortel ho.

 

En gruppe mennesker som sitter ved et bord
Heidi Skillestad informerte om kva det inneber å tilby Avansert heimesjukehus.

Gradvis oppstart  

Før oppstart var planen å starte opp med to pasientgrupper. Dette vart for begrensande og derfor er no alle pasientgrupper inkludert.  

Det er ein leiar, fire sjukepleiarar og ein ansvarleg lege som i dag jobbar med Avansert heimesjukehus ved Barne- og ungdomsavdelinga. No i oppstarten er det eit tilbod mandag, onsdag og fredag frå kl 8-16.

Det første oppdraget for Avansert heimesjukehus vart uført for nokre veker sidan. Tilbakemeldingane var positive. Oppdraget gjekk ut på å besøke eit barn heime for å ta blodprøver, skifte plaster ved kateterutganger, gi medikament subcutant og gjere kliniske observasjonar av barnet. I tillegg var det samtale og veiledning rundt helsetilstanden til barnet. 

– Heime ligg forholda til rette for at barn får vere barn sjølv om dei er sjuke og under behandling. Barn får spise, sove, leike og utfolde seg på si eiga heimebane i trygge omgjevnader. Avansert heimesjukehus er ei helseteneste med fokus på det beste for barnet, seier barnesjukepleiar Marit Grødem Skjong. 

 

HMR Nær

Heime når du kan - på sjukehus når du må. 

Les meir om satsinga HMR Nær
Noen få personer som arbeider på en datamaskin