Meir oppfølging heime
Vi vil tilby deg ei trygg behandling uansett om den skal vere digitalt eller fysisk. Kva som passar for deg i forløpet ditt blir bestemt i samråd med behandlaren din. I mange tilfelle vil det framleis vere nødvendig med fysisk oppmøte på eit av sjukehusa i Helse Møre og Romsdal, men det er eit mål å kunne tilby meir behandling og oppfølging heime.
Oppdage endringar tidlegare
Digital oppfølging gir deg som pasient fordelen av å sleppe å reise til sjukehuset. Det kan også gi helsepersonell høve til å oppdage endringar i tilstanden din på eit tidlegare tidspunkt.
Vidareutviklar stadig nye tilbod
Blant våre digitale helsetenester har vi ei rekkje behandlingstilbod og nye er under utvikling.