Heimesjukehus i Kristiansund tildelt nasjonal utmerking
Onsdag 15. februar blei prosjektet "Intravenøs antibiotikabehandling i heimesjukehus" tildelt DOGA-merket for design og arkitektur.
Publisert 16.02.2023
Sist oppdatert 02.05.2023
DOGA står for Design og arkitektur Norge, og DOGA-merket for design og arkitektur er Noreg si viktigaste utmerking for verksemder som skapar verdi gjennom bruk av design og arkitektur.
– Det er stor stas å få DOGA-merket. Å få prisen til heimesjukehusprosjektet i Kristiansund, er ein stor anerkjenning for arbeidet som er lagt ned frå alle våre gode samarbeidspartnarar over fleire år, seier Inger Stokke, kvalitetsrådgivar i Helse Møre og Romsdal og tidlegare prosjektleiar for heimesjukehus.
Viktig samarbeidsprosjekt
Gjennom prosjektet har sjukehus og kommunar utvikla ei teneste som ytast i fellesskap. Sjukehuslegen har behandlingsansvaret for pasientane i heimesjukehus. Sjukehusapoteket førebur medisinar. Kommunehelsetenesta tar hand om oppfølging av pasientane og leveranse av medisinar. Regionalt responssenter tek hand om beredskap med alarmsentral. Undervegs i utviklinga har SINTEF bidrege med tenestedesign og forsking, og Helseinnovasjonssenteret har vore ein drivar for forskings- og innovasjonsarbeidet og for samhandling. Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester har bidrege med opplæring og marknadsføring til kommunane.
Frå prosjekt til drift
Det er fjerde året det er tilbod om heimesjukehus ved Kristiansund sjukehus for utvalde pasientar med behov for intravenøs antibiotikabehandling. Tenesta gjekk frå prosjekt til ordinær drift i juni 2022. Tenesta som byggjer på kjent infrastruktur (sjukehus, heimeteneste og apotek) er ein samhandlingsmodell som kan takast i bruk ved andre sjukehus og regionar.
– Dette var det første store prosjektet vi gjekk i gang med når vi opna Helseinnovasjonssenteret, så det er stas å få eit slikt kvalitetsstempel på prosessen vi har fått til saman. Vi håper at utmerkinga kan vere til inspirasjon for reell samhandling mellom nivå og fag i helsetenestane, designa med brukaren i sentrum, seier FoUI- leiar Bjarte Bye Løfaldli ved Helseinnovasjonssenteret.
Her er juryen si grunngjeving frå DOGA:
Pasientar som før måtte vere på sjukehus for å få behandling, får no eit likeverdig tilbod heime.
– Vi er særs begeistra over «Heimesjukehus med intravenøs antibiotika». Her har vi eit kjempegodt eksempel på korleis tenestedesignera kan samarbeide med pasientar, legar, forskarar og tenesteytarar om å utvikle eit heilt nytt tilbod.
Ved å tenke nytt om tenestedesign, tek Helse Møre og Romsdal tak i ei viktig samfunnsutfordring. Helseføretaket går framfor og visar at det faktisk er mogleg for dei ulike nivåa i helsenorge å samarbeide om å gje eit betre tilbod. Samtidig blir fellesskapet sine ressursar utnytta betre.
Heimesjukehus med intravenøs antibiotika får tildelt DOGA-merket for design og arkitektur fordi pasientane får ein enklare kvardag og eit betre liv. Vi håpar løysningane blir tatt i bruk av mange sjukehus.
Prisen blir delt ut med stor feiring den 16. mars i Oslo.