Kjetil Lundberg er ny HR-direktør

Frå 13. mars trer Kjetil Lundberg (44) inn i rolla som ny HR-direktør for Helse Møre og Romsdal. Lundberg har bakgrunn fra advokatverksemd og jurist i offentleg verksemd, blant anna som juridisk seniorrådgjevar i personal- og organisasjonsavdelinga i Helse Bergen.

Publisert 28.02.2023

En mann i dress

Kjetil Lundberg er ny HR-direktør i Helse Møre og Romsdal.

​- Eg er svært glad for at Kjetil Lundberg har takka ja til stillinga og kan starte allereie i mars. Med Lundberg på laget får vi ein HR-direktør som har solid erfaring frå strategisk HR-arbeid og arbeidsrett, og som ikkje minst er genuint opptatt av å skape kultur og eit godt arbeidsmiljø for alle tilsette, seier administrerande direktør Heidi Nilsen.

Lundberg har blant anna lang erfaring i å gje leiarstøtte i tyngre personal- og omstillingssaker, i forhandlingar og det å finne gode løysingar. I rolla som jurist og advokat i Helse Bergen var samarbeid med bedriftshelsetenesta, tillitsvalde og verneombod viktige oppgåver. Lundberg kjem no frå SANDS advokatfirma der han var advokat og partnar.
- Å støtte leiarar, bidra til å skape gode arbeidsmiljø og å arbeide førebyggande synes eg er svært givande. Eg er difor svært glad for den tilliten eg har fått og gleder meg til å kome i gang, seier Kjetil Lundberg.

Rekruttering og bemanning er område som nasjonalt er peika på som utfordringsområde for helsetenesta, og det same gjeld for Helse Møre og Romsdal.
- Vi må først og fremst arbeide for gode arbeidsmiljø ved å gje tilsette psykologisk og fagleg tryggheit og moglegheit for livslang læring. For å nå dei yngre, så må vi blant anna vere synleg og tilstades i utdanningsinstitusjonane for å framsnakke dei store fordelane det er å arbeide i det offentlege helsevesenet, seier påtroppande HR-direktør Lundberg, som er busatt i Ålesund saman med sin familie.

Elisabeth Slotsvik Kleive har vore konstituert HR-direktør sidan i haust då tidlegare HR-direktør Britt Rakvåg Roald gikk over i ny stilling som klinikksjef Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
- Eg vil takke Elisabeth for innsatsen og samarbeidet i den tida ho har vore i stillinga, legg Heidi Nilsen til.​