Patologi sin plass i pasientbehandlinga

- Patologi er eit ukjend ord for mange. Fleire knyter det truleg til obduksjon frå krimseriar, men dette er berre ein liten del av arbeidet vi gjer. I hovudsak undersøkjer vi prøvemateriale frå levande pasientar, og det er desse vi arbeidar for, seier fagbioingeniør Julianne Holmeseth Slyngstadli.

Publisert 03.04.2023
Noen få kvinner i et laboratorium

Frå venstre: Fagbioingeniør Julianne Holmeseth Slyngstadli og patolog Camilla Jøsok Nybø.

Patologi er læra om sjuklege endringar i kroppen. Patologi omfattar sjukdommen si årsak, utvikling og verknad på funksjonar og struktur. Patologien sitt opphav stammar tilbake til antikken, men har sidan den gong utvikla seg i takt med vitskapleg framgang. I moderne pasientbehandling har patologi  ein sentral plass, arbeidet inneber å gi legar ein diagnose basert på innsendte celleprøver (cytologi), eller vevsprøver (biopsi).Fleire sjukdommar gir karakteristiske forandringar i vevet, undersøking av vevs- og celleprøver speler derfor ei avgjerande rolle i å bestemma kva slags sjukdom pasienten lid av. Ein diagnose frå patologen er grunnlaget for rett diagnostikk, behandling og oppfølging av inneliggjande og polikliniske pasientar. Ein diagnose frå patologen kan til dømes avgjere om ein pasient har kreft eller ikkje.


- Bioingeniørar og patologar er kanskje litt usynlig. Vi har ingen direkte kontakt med pasienten, likevel er arbeidet innan patologi særs viktig for diagnosering og pasientbehandling, seier Patolog Camilla Jøsok Nybø.

I Møre og Romsdal blir all analyse av celle- og vevsprøver utført ved avdeling for patologi ved Ålesund sjukehus. Avdelinga analyserar celle- og vevsprøver og brukar ein brei kompetanse til å ta ein makroskopisk og mikroskopisk vurdering av prøvematerialet. Ein stor del av arbeidet er kreftdiagnostikk.

Frå prøve til resultat
Etter at ein lege, kirurg eller anna fagperson har samla prøvemateriale blir prøva send til avdeling for patologi ved Ålesund sjukehus for å undersøkjast av eit patolog. Patologar er ekspertar på å tolke celle- og vevsprøver.

En maskin på disken

Framføringsmaskiner ved Ålesund sjukehus.

Avdeling for patologi mottar prøvematerialet tilført formalin, som er ein fikseringsvæske. Formålet med dette er å bevare prøva, og forhindre at den forandrar seg eller blir brote ned. Prøvematerialet blir så undersøkt og beskrive i detalj, medan prøvematerialet som skal arbeidast vidare med blir valt ut og beskjært for vidare undersøkingar.

Etter prøvematerialet er valt ut og kutta ned blir prøva satt i ei framføringsmaskin over natta, her blir vatn og fukt fjerna frå prøva. Dette gjer vevet fast, og enklare å behandle. Prøva blir så innstøypt i voks og vidare kutta ned for undersøking på mikroskopisk nivå. Prøva blir så lagt på objektglass og tilsett farge, dette er for å gi prøva betre synlegheit under eit mikroskop.

Det er først etter dette at patologen kan undersøkje vevet. Prøva blir lagd under eit mikroskop og patologen kan utføre diagnostikk, slik at pasienten kan få ein målretta behandling vidare. Ny teknologi har derimot endra korleis patologar arbeidar.
- Ny teknologi har hatt ein stor påverknad på korleis vi arbeider. Vi digitaliserer stadig fleire prøver, noko som gjer det mogleg å samarbeide med andre patologar uavhengig av avstand, seier patolog Camilla Jøsok Nybø. Ho legg til at dei tidligare har pakka og sendt prøver fysisk om dei ønskte å få innspel frå andre patologar, noko som kan koste verdifull tid.

Ein biobank for framtida
En person som bruker et mikroskop;

Patolog Camilla Jøsok Nybø undersøker ein prøve under mikroskop.

Reisa til prøva er derimot ikkje over etter at patologen er ferdig å undersøkje den. Prøva blir så arkiverte og oppbevarte i ein biobank for framtidig bruk. Ein biobank er ein større samling av biologisk materiale. Prøvematerialet i biobanken ved Ålesund sjukehus strekkjer seg tilbake til 1976.
- Å oppbevare prøvene i ein biobank er svært nyttig, spesielt for forsking. Om nokon forskar på ein spesifikk sjukdom eller forandring i kroppen kan vi gi dei tilgang til relevante prøver sånn at dei får eit større forskingsmateriale, seier fagbioingeniør Julianne Holmeseth Slyngstadli. Ho legg til at biobanken også har andre formål, som eksempelvis å leite opp tidlegare prøver frå pasientar som kjem tilbake.


Dei ferdige prøvane har på denne måten ein nytteverdi sjølv etter patologen er ferdig med å undersøkje dei.