Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kronprinsen kjem - kjem du?

2. juni blir det høgtideleg opning av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Programmet startar kl. 10 og er open for alle som vil vere med.

Publisert 27.05.2025
Sist oppdatert 28.05.2025
Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Mandag 2. juni blir det nye akuttsjukehuset på Hjelset offisielt opna. Etter programmet på Hjelset er slutt besøker Kronprinsen DMS Kristiansund.  

SNR Hjelset


Snorklipping klokka 10
Markeringa startar med ein høgtideleg seremoni i Sørhagen utanfor akuttsjukehuset, der Kronprins Haakon skal klippe snora.

Til arrangemanget kjem også helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, toppleiinga i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge, samt ordførarar frå Nordmøre og Romsdal.

Talar og musikalske innslag
Arrangementet startar klokka 10, der kronprinsen vil bli ønska velkommen. Det blir talar og musikalske innslag frå scena, etterfulgt av omvisning og lunsj for eit utval av gjestene.

– Dette er ein stor dag for befolkninga i Nordmøre og Romsdal. Vi kryssar fingrane for flott ver og håper så mange som mogleg vil vere med på opninga i Sørhagen, seier adm.dir Olav Lødemel.

Bør vere ute i god tid
Publikum som vil sjå opninga bør vere ute i god tid. Det vil vere parkeringsvaktar som hjelper besøkande med å finne ledig plass. Det er også mogleg å nytte seg av kollektivtransport til Hjelset denne dagen. 

Besøkande må gå via hovudinngangen til sjukehuset der dei vil bli vist vidare til sørhagen.

Avduking av skulptur kl. 13.30
Klokka 13.30 blir det avduking av kunstner Petter Hepsø sin skulptur ved hovudinngangen.

Kronprinsen og vertskapet vil så reise nordover til Kristiansund, der blir orientering om spesialisthelsetenesta sitt tilbod i det distriktsmedisinske senteret.


Besøk ved DMS Kristiansund

Kronprins Haakon kjem til DMS Kristiansund kl. 14.30 og blir tatt imot av barnehagbarn. Mottakinga utanfor DMS-et er open for alle. 

Til Kristiansund kjem også helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, toppleiinga i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge. Der blir det orientering for inviterte gjestar om spesialisthelsetenesta sitt tilbod i det distriktsmedisinske senteret.

- Det er gledeleg at Kronprins Haakon føretek den offisielle åpninga av nytt akuttsjukehus på Hjelset og samtidig besøker DMS i Kristiansund, avsluttar Olav Lødemel.

Heile programmet kan du sjå her: Bli med på offisiell opning av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal