Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Distriktsmedisinsk senter (DMS) i Kristiansund

Kva skjer i DMS-prosjektet

Vi held deg oppdatert på det som skjer i DMS-prosjektet. I løpet av 2025, 2026, og 2027 skal ulike helserelaterte aktørar etablere seg i det som er dagens sjukehusbygg i Kristiansund. På denne sida vil du etter kvart finne dei nyaste skissene, videoar, aktivitetar mm.

Areal

Helse Møre og Romsdal sitt areal i bygget blei klart i desember 2024. Då blei det optimaliserte forprosjektet for SNR Kristiansund vedteke i styret til HMR. Arbeidet med funksjonsprosjektet, der ein skal kvalitetssikre det som er planlagt og detaljere prosjektet med mellom anna utforming av alle rom, plassering av utstyr og materialbruk, starta i år. Ombygginga vil starte hausten 2025. 

Konkretiseringa av Kristiansund kommune sine planar er under førebuing, og det er særleg viktig å få avklart kva areal Enhet for psykisk helse og rus skal bruke, og kvar i bygget den kommunale døgndrifta skal vere og i kva omfang.

I samarbeid med SNR-prosjektet i Kristiansund blir det teke omsyn til areal som skal disponerast av kreftkoordinator i kreftpoliklinikken, demenskoordinator og hukommelsesteamet i geriatrisk poliklinikk.

I bygget skal DMS-prosjektet også legge til rette for eigna areal for kommuneoverlege, kommunepsykologar og seksjon for forvaltning.

SNR- og DMS-prosjektet har tett samarbeid i planlegging og ombyggingsarbeidet knytt til Helse Møre og Romsdal sitt tilbod i bygget for å optimalisere plasseringa av kommunale funksjonar.

 

Organisasjonsstruktur

Korleis skal samhandlinga mellom aktørar i DMS koordinerast og bli leia?​

Styringsgruppa tilrår organisasjonsstruktur med dagleg leiar og eige styre i DMS. ​ DMS-prosjektet skal i løpet av hausten 2025 utarbeide forslag til mandat for styret og dagleg leiar, og legge det fram for styringsgruppa.

KI – Korleis kan vi bruke KI som verktøy for å beskrive gevinstpotensialet og ressursdisponering ved endring av helsetenesta?

Kan vi eigentleg bruke KI til noko nyttig i kommunal sektor? Med Påkobla Assistent effektiviserer Kristiansund saksbehandlinga. Kristiansund kommune jobbar for å gjere KI til ein naturleg del av mellom anna forvaltning, og DMS-prosjektet er samarbeidspart i utviklinga av modellen.

 

Kommunikasjon

DMS-prosjektet samarbeider med SNR-prosjektet om felles informasjon ut til tilsette og innbyggarar.

Helse Møre og Romsdal og Kristiansund kommune skal også samarbeide om eit større informasjonsarbeid som skal kome innbyggarane til gode.

Prosjektleiar i DMS-prosjektet kjem gjerne ut til din arbeidsplass eller lag/forening/lokalpolitiske møte/utdanningsinstirusjonar etc med informasjon om prosjekt og innhald.

 

Pågåande prosjekt

Digital sårbehandling

Prosjektet, som pågjekk i perioden mars 2024 – mars 2025, utvikla ein ny behandlingsmodell for pasientar med kroniske sår. Prosjektet fekk innovasjonsmidlar og var eit samhandlingsprosjekt mellom SNR Kristiansund, heimetenesta Averøy, Tingvoll og Kristiansund. Etter prosjektperioden har ein valt å inkludere sårpoliklinikken ved SNR Hjelset, sidan all sårbehandling i regionen skjer der. Kirurgisk poliklinikk i SNR Kristiansund tilbyr derfor ikkje digital sårbehandling.

DMS-prosjektet vil i løpet av hausten 2025 inkludere alle øvrige kommunar på Nordmøre i digital sårbehandling med stemmestyrt hodekamera.

PSHT DMS – Pasientsentrert helseteneste Distriktsmedisinsk senter

– Eit delprosjekt i PSHT Møre og Romsdal
PSHT står for Pasientsentrert helseteneste, og er tverrfaglege team på tvers av sjukehus og kommune. Ei slik tverrfagleg teneste skal handtere heimeoppfølging av skrøpelege eldre, der målet er å styrke helsetenesta til eldre pasientar med samansette og kroniske sjukdommar gjennom betre samhandling mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Utgangspunktet er kva pasienten sjølv meiner er viktigast i situasjonen.

Ein viktig del av jobben eit PSHT-team skal utføre er forsterka utskriving. Fokus skal vere på betre kvalitet og oppfølging i overgangane, og redusere gapet mellom sjukehus og kommune.

PSHT skal bidra til å styrke og flytte kompetansen for oppfølging av skrøpelege eldre ut i kommunane, og dermed bidra til auka fagleg tryggleik i primærhelsetenesta.

Forsterka utskriving med dette fokuset vil bidra til reduksjon i (re)innleggingar.

PSHT fungerer som eit bindeledd mellom tenestenivåa, fremjar sømlause pasientforløp og sikrar tydeleg informasjon til pasientane, samtidig som det styrker tilliten og samarbeidet mellom aktørane. PSHT samarbeider tett med USHT Møre og Romsdal i dette kompetansehevande arbeidet.

DMS Kristiansund og SNR Hjelset ønskjer å etablere interkommunale PSHT-team i samarbeid med kommunane i deira nedslagsfelt. Dette er basert på erfaringar frå Ålesund og Tromsø, men tilpassa dei lokale behova.

Kva skjer i PSHT DMS no?

  • Kartlegging av kommunale og interkommunale kompetansebehov og -moglegheiter i alle nordmørskommunar
  • Førebu utlysing av prosjektstillingar i PSHT DMS
  • Etablere PSHT-team DMS september 2025
  • Etablere samarbeid PSHT DMS – PSHT SNR Hjelset
  • Opplæring og bruk av stemmestyrte hodekamera i alle kommunar

Prosjektperiode januar 2025 – januar 2027

En person som bruker briller
 Prosjektleiar Gudrun Karlsen.

Milepælar

Flytting frå Kristiansund sjukehus til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset

Ombygging startar DMS Kristiansund

Innflytting DMS Kristiansund

Sist oppdatert 15.05.2025