Avdelingane i Helse Møre og Romsdal kan ha ulike besøkstider. Her finn du ei oversikt.
Foto: Kristin Støylen
Hugs at du ikkje kan besøke nokon på sjukehuset dersom
du dei siste dagane har hatt hatt oppkast, diaré, hoste, sår hals, tungpust eller feber.
Unntak kan innvilgast for pårørende til kritisk sjuke og/eller døyande. Dette avtalar du med aktuell avdeling på førehand og følgjer deira smittevernråd.
Generell besøkstid
Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar.
Besøkstida er kl. 17.00-19.00 alle dagar.
Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar.
Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket.
På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider
For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.
Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.
Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.
Vi har eigne besøkstider på fleire avdelingar
Dersom avdelinga ikkje har same besøkstid som sjukehuset elles, skal du finne den her:
Besøkstid 08.00-21.00. Ta kontakt med oss for å avtale eit besøk.
kl. 13.00–15.00 og 16.30–19.30. Eventuelt etter avtale med personalet.
Besøkstid kl 16.30 - 21.30, eller etter avtale.
Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok på eine besøksrommet.
Ta kontakt med personalet når du kjem.
Vi har ikkje faste besøkstider. Dersom du ønsker besøk, kan du avtale dette med personalet på førehand. Dykk kan saman finne ut kor lenge det skal vare.
For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.
Søsken til den nyfødde kan besøke i visittida mellom kl. 17.00 og 18.00, eller etter nærare avtale.
Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.
Ta kontakt med oss for å avtale eit besøk.
Besøkstida er frå kl 14.00-19.00.
Alvorleg sjuke pasientar har høve til å ha pårørande hos seg også utanom besøkstida.
Har du spørsmål som pårørande, kan du ringe direkte til avdelinga på telefon 70 05 83 43.
Foreldre/føresette kan vere med barnet på sjukehuset. Éin kan overnatte. Søsken og andre i familien kan kome i spesielle tilfelle. Dette kan du avtale med sjukepleiar eller lege på sengeposten.
Besøkstida er kl. 17:00-19:00 på kvardagar, 16:00-18:00 på helg.
Måndag-fredag: kl. 18.00-20.00 Laurdag og søndag: kl. 14.00-15.00 og kl. 18.00-20.00
Besteforeldre og andre nære pårørande kan oppleve glede over det nyfødte barnet blanda med bekymring når barnet er innlagt. Her er nokre tips:
Tilby hjelp med søsken og praktiske gjeremål.
Besøk familien om foreldra ønskjer det.
Avlast foreldra ved å vere saman med barnet og eventuelt halde barnet hud mot hud. På denne måten kan foreldra ha moglegheit til å ta pausar saman.
Respekter foreldra sine val, sjølv om du ikkje alltid er einig.
Avdelinga er intensiv og pasientane treng ro og kvile. Antal besøkande må derfor vere avgrensa. Søsken og viktige nære personar er velkomne på besøk, men det er opp til foreldra om dei ønsker besøk, og av kven. Glassgangen utanfor har leikekrok og er ein fin møtestad for besøk.
Retningslinjer for besøkande
Alle må vere friske. Ingen med smittsam sjukdom, hoste eller forkjøling får kome inn.
Søsken frå barnehage må bytte til reine klede.
Vask/sprit hendene godt når de kjem inn.
Hald besøk kort og roleg inne på avdelinga.
To besøkande saman med foreldra hos kvar pasient er oftast nok.
Avtal besøk med sjukepleiar.
Besøkstida er kl. 13.00-19.00.
Andre lokasjonar
Molde behandlingssenter
Vi har ikkje noko spesifikk besøkstid. Ta kontakt anten med oss eller pasient før besøket for å avtale tidspunkt som passar. Telefon 71219800
Nordlandet i Kristiansund
Måndag - søndag: kl 16.00 - 20.00
Vegsund
Måndag–fredag: kl 16.00–2100
Laurdag–søndag: kl 10.30–21.00
Eller etter avtale.
Både barn og vaksne, som er pårørande, må gjerne kome på besøk. Vi prøver å legge til rette for besøk av barn. Vi har ein del leiker og ein leikekrok i underetasjen.
Ta kontakt med personalet når du kjem.
Ålesund behandlingssenter
Besøkstid er alle dagar kl. 17.00-19.00. Ta kontakt med oss før besøket.
Besøkstid er alle dagar kl. 17.00-19.00. Ta kontakt med oss før besøket.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familien blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Blomster er hyggeleg å få, men på grunn av stor infeksjonsfare og allergiproblem, må diverre blomster stå ute på gangen. Det kan difor vere ein god idé å vente med blomster til pasienten er flytta frå intensivavdelinga.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
Reise og tilkomst
Parkering
Besøksparkering i parkeringshuset Passasjen, med innkøyring ved habiliteringsbygget og ved den nye hovudinngangen til sjukehuset. Parkering i parkeringshuset blir registrert automatisk med skiltgjenkjenning.
Appen EasyPark er også eit godt betalingsalternativ. Du kan aktivere kameraparkering i appen for automatisk trekk.
HC-parkering
HC-parkering finn du i første etasje på parkeringshuset, med innkøyring ved hovudinngangen til sjukehuset. I tillegg er det HC-parkering ute ved habiliteringsbygget, hovudinngangen, barne- og ungdomsavdelinga, kreftavdelinga, vaksenpsykiatrisk poliklinikk / barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), UPA og ved administrasjonsbygget.
Oversikt over sjukehusområdet
Markeringar på bildet: Grøn markering viser parkering for pasientar/besøkande. Mørk blå markering viser HC-parkering. Det er i tillegg avsett fleire plassar for HC-parkering i 1. etasje i parkeringshuset.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjengeleg både for tilsette og besøkande.
Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Etasjeoversikt SNR Hjelset.pdfEi skisse som viser fløy-inndelinga av sjukehuset og kva avdelingar du finn i dei ulike etasjane.
Besøksparkering på tilvist stad.
Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Hovudinngang
Akuttmottak
Volda DPS
BUP
Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
Oransje markering: Parkering for HC
Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift)
Lilla: Ladestasjon
P: Parkeringsautomatar
Du finn også meir praktisk informasjon på den staden/avdelinga du skal besøke.