Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skal du avbestille eller endre ein time?

Du må gi beskjed seinast 24 timar før for å unngå gebyr, sjølv om du har frikort eller er fritatt for eigendel.

Smilande helsesekretær i skranken på ein poliklinikk. Hun har kontakt med ein pasient på andre sida av luka.

Foto: Kristin Støyen

I Helse Møre og Romsdal kan ein anten ringe eller sende melding via HelsaMi for å gi beskjed om ein ikkje kan møte til oppsett time. E-post er ikkje ein sikker kanal og skal ikkje brukast i slike tilfelle. 

Ring for å melde frå​​

Ring til den aktuelle avdelinga dersom du ikkje kan møte til oppsett time.

Finn telefonnummer til aktuell avdeling her

Du kan også ringe sentralbordet og bli sett over til rett avdeling:

Sentralbord Sunnmøre
70 10 50 00
Sentralbord Nordmøre og Romsdal
71 12 00 00

Send melding via HelsaMI

Om du får innkallingsbrev frå sjukehuset i HelsaMi, kan du i mange tilfelle sende melding frå HelsaMi direkte til avdelinga om du ikkje kan møte til timen. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Dersom du ikkje får opp melding som alternativ, må du ringe for å gi beskjed. 

Viktig for alle at du melder frå så snart som råd

Dersom du ser at du ikkje kan kome til oppsett time er det viktig at du melder frå så snart som råd. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. 

 

Unngå gebyr

Du må seie i frå seinast 24 timar før for å unngå å måtte betale gebyr for timen som ikkje passa. Dette gjeld sjølv om du har frikort eller er fritatt for eigedel.

Sjå meir informasjon om eigendel og betaling på helsenorge.no

Sist oppdatert 09.10.2026