Kliniske behandlingsstudiar
2025 har vore eit år med auka aktivitet og styrkt gjennomføringsevne innan kliniske studiar i Helse Møre og Romsdal.
I tråd med Nasjonal handlingsplan for kliniske studiar har Helse Møre og Romsdal i 2025 teke viktige steg for å styrke den pasientnære forskinga i fylket. Særleg er gjennomføringsevna styrkt gjennom etablering av infrastruktur, mellom anna med opning av klinisk forskingspost på Hjelset og inngått avtale med Inven2.
HMR har auka talet av kliniske behandlingsstudiar samanlikna med fjoråret, noko som medfører eit breiare diagnostisk mangfald for utprøvande behandling. Frå den nasjonale rapporteringa finn ein at HMR hadde 35 Kliniske behandlingsstudiar (KBS) som til saman inkluderte 346 pasientar i 2025. Men i denne rapporteringa tel ein berre dei studiane som lukkast i å inkludere ein eller fleire pasientar det innerværande året, og samtidig faller innanfor ein snever KBS definisjon. Desse måltala seier difor lite om det totale aktivitetsnivået eller tilbodet til pasientane, noko ein har søkt å synleggjere i figur 1. Figur 1A viser at 44 KBS-studiar var opne for inklusjon, der 9 studiar ikkje inkluderte pasientar i perioden. Dersom ein òg tek med pågåande KBS-studiar som har nådd inklusjonsmåla, men som framleis følgjer opp pasientar – ofte over fleire år – er talet 76. I tillegg vart 12 KBS-studiar godkjende for oppstart i 2025, men opna ikkje for inklusjon i løpet av året. Totalt gir dette 88 registrerte KBS-studiar.

Tala for inklusjon og pågåande studiar er påverka av både indre og ytre faktorar. Det er krevjande å gjennomføre kliniske studiar i dagens rammevilkår, og særleg legar si tid i studiar er ein knapp ressurs. For å kunne tilby slike studiar til pasientane er det difor avgjerande å arbeide i team, slik at legar blir avlasta og kan ha fullt fokus på problemstillinga og pasienten. Klinisk forskingspost HMR legg godt til rette for dette, men verksemda er samstundes avhengig av at kliniske leiarar aktivt fungerer som pådrivarar og tilretteleggjarar i klinikkane og avdelingane, slik at arbeidet kan gjennomførast effektivt og samanhengande. Det er grunn til å rette ein stor takk til alle tilsette som yter ein viktig innsats for pasientane gjennom kliniske behandlingsstudiar.
Figur 1B viser at fleirtalet av dei kliniske behandlingsstudiane blir gjennomført i, eller med støtte frå, Klinisk forskingspost HMR. Personalet ved forskingsposten har brei kompetanse i planlegging og gjennomføring av kliniske studiar, og disponerer eigna fasilitetar, inkludert behandlingsplassar, laboratorium og biobank. Dette gjer HMR meir robust og attraktiv som samarbeidspartnar, styrkjer gjennomføringsevna og datakvaliteten, og bidreg til meir profesjonell handtering av industrifinansierte studiar.
Frå figur 2 kan ei sjå at ein saman gjennom KBS studiar lukkast i å gje eit breiare pasienttilbod innan ei rekke fagområde som indremedisin, onkologi, nevrologi, ortopedi, revmatologi m.fl.
Fordeling av kliniske behandlingsstudiar (KBS) på fagområde i Helse Møre og Romsdal i 2025, som illustrerer noko av breidda i pasienttilbodet innan klinisk forsking.
Avslutningsvis er det relevant å peike på utviklinga i den reviderte nasjonale handlingsplanen for kliniske studiar (2026–2036), som legg opp til ei breiare forståing av kliniske studiar. Perspektivet blir utvida frå reine kliniske behandlingsstudiar til klinisk forsking i ein vidare forstand, der også observasjonsstudiar, registerbaserte studiar og implementeringsstudiar inngår. Målet er å etablere eit effektivt økosystem for klinisk forsking, der fokuset blir flytta frå enkeltstudiar til infrastruktur, data og digitale løysingar, samarbeid med næringslivet og gjennomføringsevne. Dette kan påverke insentivordningane framover.
For HMR inneber dette eit tydeleg behov for vidare strategisk prioritering av klinisk forsking, inkludert styrking av leiingsforankring, ressursallokering og tverrfagleg samarbeid. Ei målretta satsing på desse områda vil vere avgjerande for å sikre at pasientane i regionen får tilgang til eit breitt og framtidsretta tilbod innan kliniske studiar.