Fagkurs

Praktisk kurs i formidling

Praktisk kurs i formidling er eit dagskurs for helsepersonell som underviser pasientar/brukarar og pårørande eller underviser og informerer kollegaer.

27.
november
2024
  1. 27. nov. 2024
Påmelding i Læringsportalen

Tid og stad

Når

  1. 27. nov. 2024

Type arrangement

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell

Spesialitet

Veiledning

Arrangør

Kvar

Volda sjukehus, Kløvertun, Lærings- og mestringssenteret.

Påmelding i Læringsportalen

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Kurset passar for deg som vil bli betre på å formidle. Hensikta er at du skal få vidareutvikle deg som undervisar og bli tryggare i ei formidlingsrolle. Her du får du praktisk trening i å presentere, tips og råd. 

Kurset passar for fagpersonar og helsepersonell og er relevant for alle som arbeidar utadretta mot pasientar, pårørande og andre fagpersonar, både i spesialisthelseteneste og kommunehelseteneste. 

OM KURSET

Kurset startar med ein teoridel. Hoveddelen av kurset består av dialogøving og det å sjølv halde ein presentasjon, sjå andre holde presentasjonar, sjå seg sjølv filma på mobilkamera, samt få og gi tilbakemeldingar. Tidlegare hadde dette kurset tittelen Kurs i presentasjonsteknikk.


Førebuingar

Du som deltakar må i forkant av kurset førebu ein kort presentasjon med sjølvalt tema og presentasjonsform. Temaet kan til dømes vere noko frå arbeidsstaden din eller ein presentasjon om ein fritidsaktivitet. Det er korleis du presenterer temaet som er hovedfokuset. Meir informasjon om dette vil du få ved påmelding. 
 
Det vert lagt opp til ei uhøgtidleg, spennande, krevjande og morsom læringsoppleving. Fokus i kurset er kommunikasjon mellom menneske i ein undervisningssituasjon og det vil ikkje bli lagt stor vekt på tekniske hjelpemiddel. Ved behov kan ein utvikle eigne kurs med tanke på digital formidling dersom interessa er stor. 

Kursleiarar er rådgjvarar ved Lærings- og meistringssenteret med pedagogisk og helsefagleg bakgrunn.

«Dette var mye morsommere enn jeg trodde» (tidligere deltakar). 
«Den praktiske delen var viktig for å bli mer kjent med seg selv og sin måte å presentere på, samt se andre i samme situasjoner for å forstå forskjellen på oss fagpersoner» (tidlegare deltakar på formidlingskurs ved UNN). 
 
 
Det varierer ved kva sjukehus kurset vert tilbudt. Du kan også lese meir om praktisk kurs i formidling ved St. Olavs hospital Trondheim

PROGRAM

Døme på kursprogram:

Program praktisk kurs i formidling, Volda 2024

 

PÅMELDING

Vi legg vekt på å skape ei trygg ramme for å halde sin presentasjon. Det er difor lagt opp til at kurset ikkje har for mange deltakarar, ca. 8 - 10 deltakarar på kvart kurs.

Påmelding til kurset skjer gjennom Læringsportalen 

Hugs å legge inn e-post adresse dersom du ikkje arbeider i Helseføretaket eller gi beskjed om særskilde hensyn. 
Kontakt rådgjevar Camilla Kleppe Eidså ved spørsmål.

KOSTNADAR OG LUNSJ

Kurset er gratis. Det vert servert kaffi, te og litt frukt. Deltakarar dekker sjølv lunsj (ta med matpakke eller kjøp i kantine).

GODKJENT SOM MERITTERANDE KURS

  • Kurset er godkjent av Norsk Fysioterapeutforbund med 6 timer. Kurset kan, sammen med mastergrad, benyttes i oppbygging av spesialistkompetanse og ved fornyelse av relevant spesialistgodkjenning.
  • Kurset er godkjent av Bioingeniørfaglig institutts spesialistgodkjenning for bioingeniører (NITO) med 8,5 timer/poeng. 
  • Kurset er godkjent av Norsk sykepleierforbund (NSF) med totalt 5 timer Dette kan brukes i henhold til kurstimekravet i NSFs godkjenningsordning klinisk spesialist i sykepleie/spesialsykepleie.

NYTTIGE NETTSIDER

Introduksjonskurs i helsepedagogikk i Helse Møre og Romsdal

For andre typar kurs eller informasjon trykk på boksa under om Lærings- og meistringssenteret.

Kontakt

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg