Blodbanken Molde

Blodbanken i Molde utfører totalt ca 2300 tappingar i året. Vi har om lag 1300 aktive blodgivarar og treng å rekruttere 200 nye blodgivarar per år.

Å gi blod er frivillig. Den som gir blod får ingen betaling, men ei lita gave som takk for hjelpa.

Ønsker du å bli blodgivar? Registrer deg via GiBlod.no

Velkomen til blodbanken (pdf)

For å bli blodgivar må du registrere deg i eit dataregister til Blodbanken. Dette er nødvendig av ulike årsaker:

  • Vi må ha mogelegheit til å kome i kontakt med deg som blodgivar.
  • Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er fulgt.
  • Vi må ha oversikt over den enkelte givars tappehistorikk.
  • Vi treng å lagre ein del opplysningar om blodtyper etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient.
  • Vi er pålagde å alltid å vite kva for blodgivar som har gitt blod til bestemte blodprodukt.

 

Opplysningane som blir lagra er i hovudsak

  • Namn, personnummer, adresse, telefonnummer, epostadresse, registrering av kvar tapping, blodtypeundersøkingar, prøveresultat og informasjon om korleis kvar tapping har forløpt.
  • Det er også eit tekstfelt som blir brukt til administrativ informasjon om timeavtalar. Dette kan også bli brukt til å notere at ein person er godkjent som blodgivar etter vurdering av lege, når det er nødvendig.


Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.

Nye personvernreglar i 2018

Rutinane våre for lagring av personopplysningar er i tråd med det nye GDPR-lovverket.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Blodbanken har eigen inngang på oppsida av sykehuset ved dei grå brakkene. Vi har eigne parkeringsplasser.

Adresse

Opningstider for tapping (kveldstapping etter avtale)
  • Måndag 07:45 - 14:15
  • Tysdag 07:45 - 14:15
  • Onsdag 07:45 - 14:15
  • Torsdag 07:45 - 14:15
  • Fredag 07:45 - 14:15
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde

Behandlinger

Kurs og møter