Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank utfører blodprøvetaking på pasientar innlagt i sjukehusa og i poliklinikken. Vi analyserer prøver innan fagfelta medisinsk biokjemi, immunologi og transfusjonsmedisin, samt tapping og framstilling av blodkomponentar ved alle fire sjukehusa i Møre og Romsdal. Avdelingssjef er Brit Valaas Viddal.

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank underviser og rettleiar bioingeniørstudentar, medisinstudentar og andre yrkesgrupper innan aktuelle laboratoriefaglege emne. Under denne høyrer pasientnære undersøkingar heime.

Vi tilbyr våre rekvirentar elektronisk bestilling av prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar. Under kvar avdeling finn du aktuelle bestillingsskjema.

Vi gjer merksam på at vi leverer gratis utstyr på vilkår av at prøvene blir rekvirerte og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund

Medisinsk biokjemi og blodbank Molde

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda

Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund

Ny bestillingsportal vert innført for prøvetakingsutstyr i Helse Midt-Norge frå 22.04.2024 - registrer deg no! 

Du kan alt no førehandsregistrere di eining (til dømes legekontor/sjukeheim) i portalen slik at de er klare til å bestilling når løysinga vert tatt i bruk frå 22.04.2024.

Vi vil då framleis tilby våre rekvirentar prøvetakingsutstyr, etikettar, samleposar, sendingshylser, rekvisisjonar og konvoluttar, på vilkår av at prøvene blir rekvirert hos og sendt til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

For å registrere deg går du til Bestillingsportal prøvetakingsutstyr – Helse Midt-Norge (helse-midt.no) og trykker på knappen for «Opprett bruker».

Deretter registrerer du deg slik:

  1. Finn di eining i rekvirentoversikta nederst i skjemaet (bruk søkefeltet for å finne lett fram).
  2. Velg di eining, og du vil få beskjed om å aktivere rekvirenten. Trykk på markert tekst for å gjere dette.
  3. Fyll inn eit telefonnummer og ei epostadresse som er eit felles kontaktpunkt for eininga (typisk post@eksempel...)

No har du aktivert di eining for bestillingar. Du vil få ein e-post der du kan følgje framgangsmåten for å opprette passord og deretter logge deg inn i systemet 

Når du har logga deg inn i systemet som eining/rekvirent kan du opprette fleire bestillarar som alle kan bestille prøvetakingsutstyr på vegne av aktuell eining/rekvirent.
 
Har du spørsmål eller treng hjelp med å komme i gang? Les brukardokumentasjonen her: https://hmn-bestillingsportal-ls.helse-midt.no/dokumentasjon/ eller kontakt oss på 
HMN.prøvetakingsutstyr@stolav.no

OBS! For enkelte rekvirentar, tilknytt Norsk Helsenett, har det vore problem med å komme seg inn i den nye bestillingsløysinga. Dette skal no vere retta, så prøv gjerne på nytt om du har hatt problem tidlegare. Har du framleis problem, send beskjed til HMN.prøvetakingsutstyr@stolav.no

Sjå også informasjon frå oss i Bioposten

2024

Nr 4 2024 Diagnostikk av cøliaki
Nr 3 2024 Innføring av aldersjusterte beslutningsgrenser for vitamin B12

2023

Nr 14 2023 Ny enhet og nytt referanseintervall for AFP
Nr 13 2023 Oppstart av analysen Ammoniakk ved medisinsk biokjemi og blodbank Molde
Nr 12 2023 Ny metode for serumproteinelektroforese i Molde
Nr. 11 2023 Samling av allergidiagnostikk​​
Nr. 10 2023 Overgang til ny metode innen allergidiagnostikk​
Nr. 8 2023 Ny analyse Leverfibrose score FIB-4​​
Nr. 5 2023 Elektronisk svaroverføring: Bruk av feil NLK-kode for fritt T3
Nr. 4 2023 Nedleggelse av analysen U-elektroforese og innføring av serum frie lette kjeder i Molde 
Nr. 2 2023 Ny standardisering av CDT
Nr. 1 2023 Ny metode for Kalprotektin i avføring
Intruksjon for prøvetaking til Kalprotektin i avføring​

2022

Nr. 13/2022 Viktig påminning om rekvisisjonar til Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund​
Nr. 10/2022 Nye analyser Retikulocytt-hemoglobin og RDV CV%
Nr. 07/2022 Ny analysemetode for APC-resistens
Nr. 06/2022 Forsendelse og innhenting av prøver til HMR i påska 2022​​
Nr. 04/2022 Ny analyse Non-HDL kolestrol
Nr. 02/2022 Ny metode for analysering av albumin i urin

2021​

Nr. 17/2021 Nye metoder og referanseintervall for koagulasjonsanalyser
Nr. 16/2021 Ny analyse HE4 i serum
Nr. 15/2021 Ny analyse Cystatin C
Nr. 14/2021 Bruk av RST-rør til glukosebelastning
Nr. 12/2021 Analysering av CD4 og D8
Nr. 11/2021 Ny analysemetode for anti_TPO Molde
Nr. 10/2021 Tekniske problemer med svarrapportene
Nr. 05/2021 Viktig informasjon etter innføring av ny felles RoS og Epic Beaker
Nr. 04/2021 Nye rekvisisjonar medisinsk biokjemi og medisnsk mikrobiologi Ålesund
Nr. 03/2021 Endring av enhet for etanol
Nr. 02/2021 Endring av enhet for retikulocytter

2020

Nr. 10/2020 Immunologisk test på okkult blod i avføring (iFOB)
Nr. 06/2020 Aldersavhengige grenseverdier for D-dimer
Nr. 05/2020 Prøvetaking av pasienter som har covid-19
Nr. 04/2020 Nytt tilbud innen allergidiagnostikk
Nr. 03/2020 Analysering av procalcitonin
Nr. 02/2020 Viktig ved prøvetaking til iFOB
Nr. 01/2020 Ny analyse S-Bikarbonat (total CO2)

Eldre skriv kan skaffast på førespurnad til avdelinga.

 

 

Avdelingssjef: Brit Valaas Viddal
Brit.valaas.viddal@helse-mr.no

Laboratoriefagleg rådgivar
Europeisk spesialist i klinisk kjemi og laboratoriemedisin: Lutz Schwettmann
lutz.Schwettmann@helse-mr.no

Spesialist under rettleiing
Muhammed Kilinckaya
muhammed.fevzi.kilinckaya@helse-mr.no

Kontakt

Telefon

Ta direkte kontakt med seksjonane.

Postadresse

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Kurs og møter