Et nærbilde av en persons hender

Palliativt team Volda

Palliativt team er ei tverrfagleg gruppe som består av fysioterapeut, prest, legar og sjukepleiarar med spesiell kompetanse innan anestesi, onkologi og palliasjon. Vi samarbeider også med ernæringsfysiolog på huset.  Vi gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av, innan diagnosane kreft og ALS. Vi ønsker at pasient og pårørande skal oppleve best mogleg livskvalitet.

Palliativ (lindrande) behandling er definert som aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar som har ein sjukdom ein ikkje blir frisk av.
Vi gir og råd, rettleiing og undervisning til helsepersonell i kommunane, knytt til kreftpasientar og pasientar med ALS som blir utskrivne frå sjukehus. Palliativt team ønsker å legge til rette for at pasienten får vere mest mogleg heime, eller så nær heimen som mogleg. 
Vi vil samarbeide om god organisering av tenester som den enkelte pasient og pårørande har behov for. Vi arbeider for å styrke fagkunnskap hos helsepersonell gjennom rådgiving og undervisning. Teamet er eit bindeledd mellom sjukehuset og kommunane.  

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag - Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Palliativt team finn du i plan 0.
En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

  • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
  • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
  • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
  • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
  • Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking. 
Kart
  1. Hovudinngang
  2. Akuttmottak
  3. Volda DPS
  4. BUP
  • Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
  • Oransje markering: Parkering for HC
  • Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift) 
  • Lilla: Ladestasjon
  • P: Parkeringsautomatar

 

​Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:

Ladestasjonar for el-bil

Pasientreiser

Når du har vore til behandling, kan du søke om å få reisestøtte. Treng du tilrettelagd transport for å kome til behandling, kan du ha rett til å få ei organisert reise.

Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehus

Fly

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar. 

Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket. ​


På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider​​​​​​

For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.

Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.

Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.​​

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Kantina

Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar. 

Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.