Klinikk for psykisk helse og rus

Tidleg og rask hjelp er eit godt utgangspunkt for å gjenvinne oversikt og kontroll over livet! Klinikken har ansvaret for psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengigheit (TSB) og spesialisert habilteringsteneste for vaksne i Helse Møre og Romsdal. Behandlingstilbodet blir gitt ved våre distriktspsykiatriske senter (DPS), poliklinikkar og døgntilbod for barn og ungdom, rusinstitusjonar og dei fire sjukehusa. Poliklinisk konsultasjon er den vanlegaste behandlinga, både innanfor psykisk helsevern, TSB og habilitering, men nokre gonger er innlegging nødvendig. Det finst også dagbehandling og ambulant (oppsøkjande) behandling. Telefonnummer til forløpskoordinator pakkeforløp finn du på sida til den enkelte seksjon.

Psykisk helsevern for vaksne

Psykiatri tyder: "Læra om psykiske sjukdommar og behandlinga av dei". Vi behandlar alle typar psykiske sjukdommar som for eksempel angstproblem, stemningslidingar, psykosar, personlegdomsforstyrringar, posttraumatiske stresslidingar, spiseforstyrringar, alderspsykiatriske lidingar, rusproblem, speleavhengigheit, krisereaksjonar og tilpassingsproblem. Normalt er den nedre aldersgrensa for behandling hos oss 18 år. Tenestene er organisert i fire avdelingar, fordelt fleire stadar i fylket, ved våre distriktspsykiatriske senter (DPS) og dei fire sjukehusa.

 

Psykisk helsvern for barn og unge

Avdelinga gir tilbod til barn og ungdom frå 0 til 18 år. Vi skal vere med på å leggje til rette for at personar som har problem med tankar, kjensler og atferd skal få eit godt heilskapleg tilbod. Dette inneber også å leggje vekt på dei positive sidene med barnet/ungdomen. Tilboda er tverrfaglege og vi legg stor vekt på deltaking frå pårørande og andre viktige personar for pasienten der dette kan vere til nytte.

 

Rusbehandling (TSB) for vaksne

Avdeling for TSB skal yte tenester for innbyggjarar i Møre og Romsdal som slit med rus- eller andre avhengigheitsproblem.
Vi er opptatt av at tilbodet vårt skal vere best mogeleg. Difor satsar vi også mykje på forsking og utvikling, og jamlege brukarundersøkingar er ein del av dette. Det er ein viktig kvalitetsindikator for oss at pasientane våre er nøgde med det tilbodet dei får.
Avdelingen er geografisk fordelt på to behandlingsstadar: Molde behandlingssenter og Ålesund behandlingssenter.

 

Habiliteringsteneste for vaksne

Tilbyr helsetenester til menneske over 18 år med medfødt eller tidleg erverva funksjonshemming/langvarig sjukdom og kognitiv svikt, som har behov for tverrfagleg habiliteringstenester på spesialistnivå. Tenesten erfordelt på to behandlinsstadar: Ålesund sjukehus og Brunvollsenteret i Molde.

Kontakt

Telefon

Sentralbord for Nordmøre/Romsdal og Sunnmøre gjeld kontakt med klinikkleiinga. Ta elles kontakt med dei ulike seksjonane.
Sentralbord for Nordmøre/Romsdal og Sunnmøre gjeld kontakt med klinikkleiinga. Ta elles kontakt med dei ulike seksjonane.

Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Administrasjon
Klinikk for psykisk helsevern og rus
Postboks 1600
6026 Ålesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad


En stor bygning med trær foran seg

Hjelset

Opdølvegen

En bygning med biler parkert foran

Knausensenteret

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde

Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

En husrekke

Molde behandlingssenter

Glomstuvegen 50

6412 Molde

Molde sjukehus med en plen foran seg

Molde sjukehus

Parkveien 84

6407 Molde

Distriktspsykiatrisk senter Kristiansund.

Nordlandet i Kristiansund

Norddalsveien 37

Norddalsveien 37, 6516 Kristiansund

En gate med bygninger og trær

Solhagen i Kristiansund

Hagan 9, Kristiansund

Distriktspsykiatrisk Senter - DPS Vegsund

Vegsund

Vegsundvegen 68

En stor bygning med et tre foran seg

Volda sjukehus

Kløvertunvegen 1

Vågland i Halsa

Glåmsmyrvegen 16

6683 Vågland

En bygning med parkeringsplass

Ålesund behandlingssenter

Ålesund behandlingssenter

Vestmoa 27

Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus

Åsehaugen 5

Inngangsparti poliklinikk TSB Molde

Strandgata 1, Molde

Strandgata 1

Barneblikk

Barneblikk skal utvikle familieteam for tettare oppfølging av gravide og familiar med barn i førskulealder der ein av dei vaksne har problem med rus eller har psykiske vanskar.
Les meir om Barneblikk
Barneblikk barna_RGB_nett.jpg