Akuttmottak Kristiansund

Pasientane kjem til oss via fastlege/legevakt, eller som akutt hjelp på grunn av akutt sjukdom eller skade. Her blir pasientane vurderte av sjukepleiar og lege, som startar nødvendig behandling og undersøkingar før pasienten blir skriven inn på aktuell avdeling. Nokre pasientar blir skrivne ut og/eller vidareformidla til andre behandlingsinstitusjonar.

Kontakt

Postadresse

Seksjon for akuttmottak Kristiansund sjukehus Herman Døhlens vei 1 6508 KRISTIANSUND

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Akuttmottaket ligg på plan 0. Eigen inngang via legevaktsinngangen.
Dersom du kjem frå hovudinngangen kan du gå/ta heisen ned ein etasje og gå mot mottakinga. Følg skilting. Pårørande som kjem til akuttmottaket kan vende seg til peronalet ved inngangen. 
Hovudinngangen ved Kristiansund sjukehus

Kristiansund sjukehus

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Praktisk informasjon

​Pårørande kan vere ein ressurs både for pasienten og personalet, men av omsyn til drifta må vi nokre gongar avgrense talet på pårørande inne hos pasienten. Enkelte behandlingssituasjonar er ikkje eigna for følge av pårørande. Dette vil du få informasjon om av sjukepleiar i akuttmottaket.

Prioritering i akuttmottaket - kvifor må eg vente?

Vi bruker eit prioriteringssystem (triagesystem) som skal sikre at det er dei sjukaste som får legehjelp først.
Les om korleis prioriteringa fungerer
Illustrasjon i vector. Pasientar som ventar i akuttmottaket.

Stemmer medisinbruken din med opplysingane vi har?

Følg pasienten frå mottak, via sengepost og til utskriving.
Slik får vi oversikt over medisinane dine (video på vimeo.com)
Pasient helsar på helsepersonell ved sengepost.