Følge- og beredskapsteneste for Nordmøre og Romsdal

Viktig informasjon til fødande frå kommunane Aure, Smøla og Heim.

Publisert 28.12.2022
Sist oppdatert 18.01.2024
Frå  1. januar 2023 vil det bli ei endring i organiseringa av følge- og beredskapstenesta ved fødeavdelinga i Nordmøre og Romsdal. Følge- og beredskapstenesta har eit særskilt ansvar for fødande med meir enn 90 minutters reiseveg. 

Du skal fortsatt følge vanlege kontrollar hos din kommunejordmor og/eller fastlege, i tillegg til standard ultralyd på sjukehuset ved veke 18/19.

Kven kan bruke tjenesten?

Alle gravide/fødande som bor i Aure, Smøla og Heim kommune som skal føde på eitt av sjukehusa i Helse Møre og Romsdal kan nytte seg av tenesta.

Alle gravide frå desse kommunane vil bli kontakta direkte av vaktjordmor i god tid før termin. Du vil bli innkalt til kontroll hos lege ved behov, og til ein samtale med jordmor i svangerskapsveke 35/36. Der vil vi legge ein plan som er tilpassa dine behov fram mot fødsel. Samtale med jordmor kan gjerast fysisk ved gynekologisk poliklinikk i Kristiansund, eller digitalt.

Sidan du har lang reiseveg vil du få tilbod om kostnadsfritt opphald på hotell inntil 14 dagar før termin. Du velger sjølv når du vil nytte deg av dette tilbodet innan dei 14 dagane, og partnar kan vere med om det er aktuelt. Ved behov for booking tar du kontakt med ein av seksjonsleiarane (kontaktinfo har du fått i posten).

Til deg som har v
alt å føde på St. Olavs hospital
Har du valt sjølv å føde på St. Olavs hospital, kan du nytte deg av Orkland-beredskapen, ei følgeteneste lokalisert i Orkland kommune. Dette er avtalt med St. Olavs hospital. 
Følgetenesta i Orkland har telefonnummer:  90 90 90 65
I ein akuttsituasjon: ring 113.

Til deg som har valt å føde på Molde sjukehus

Ved behov kan du kontakte fødeavdelinga ved Molde sjukehus. Der vil du komme i kontakt med ei jordmor som kan vurdere og gi rettleiing til deg som fødande over telefonen. Sidan eit fødselsforløp er veldig individuelt, vil det vere ulike vurderingar av kor akutt situasjonen er.

I ein akuttsituasjon: Ring 113.

Alternative vurderingar du kan møte:

  • Vente litt lenger heime? Jordmor svarar på spørsmål du måtte ha.
  • Jordmor på føden sett deg i kontakt med beredskapsjordmor. Det vil vere ei beredskapsjordmor på vakt 24 timer i døgnet, og vaktjordmor vil bistå med følgeteneste til sjukehus om det skulle oppstå behov for det.
  • Du kan få beskjed om å fysisk dra til Kristiansund for ei vurdering av jordmor, evt retur til heimen om undersøkinga visar at det er for tidleg å dra til fødeavdelinga.
  • Jordmor rekvirerer ambulanse/ambulansebåten Øyvakt heim til deg. Jordmor følger deg til Molde frå Kristiansund om nødvendig.
  • I heilt spesielle situasjoner kan vi rekvirere luftambulanse

​Har du spørsmål?

Vi er opptatt av at du skal føle deg trygg og ivaretatt. Har du spørsmål kan du kontakte fødeavdelinga direkte på telefon 71 12 17 60.