Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk poliklinikk SNR

Til medisinsk poliklinikk kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av hjartesjukdommar, lungesjukdommar, gastro (mage- tarmsjukdommar), infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar og endokrinologiske sjukdommar (diabetes og hormonsjukdommer). Vi tek imot pasientar som blir tilvist frå primærhelsetenesta, privatpraktiserande spesialistar og frå andre avdelingar ved sjukehuset.

Vi har flytta inn i nytt sjukehus på Hjelset

Fleire avdelingar har dermed fått ny oppmøtestad. Ver særleg merksam på kva oppmøtestad som står i innkallingsbrevet ditt. Dersom det ikkje står telefonnummer i innkallingsbrevet ditt og du har behov for å nå oss, kan du ta kontakt via sentralbodet på telefon 71 12 00 00.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Kontakt

Telefon

Hjartesjukdommar

71 11 78 03
Kvardagar kl. 9:00 - 11:00 og 13:00 - 14:00

Lungesjukdommar

71 11 78 04
Kvardagar kl. 9:00 - 11:00 og 13:00 - 14:00

Blodsjukdommar

71 11 78 05
Kvardagar kl. 9:00 - 11:00 og 13:00 - 14:00

Mage-tarmsjukdommar

71 11 78 06
Kvardagar kl. 9:00 - 11:00 og 13:00 - 14:00

Diabetes og hormonsjukdommar

71 11 78 07
Kvardagar kl. 9:00 - 11:00 og 13:00 - 14:00

Medisinsk dagbehandling

71 11 78 08
Kvardagar kl. 9:00 - 11:00 og 13:00 - 14:00

Nyre, infeksjon og allergi

71 11 78 09
Kvardagar kl. 9:00 - 11:00 og 13:00 - 14:00

Behov for å endre timen din?

HelsaMi
Send oss ei melding via HelsaMi. Logg på helsami.no eller last ned HelsaMi-appen og finn timen din der. Det er viktig at du tar kontakt så snart som råd før avtalt time. Då kan andre få tilbod om timen og du bidreg til å redusere ventetidene. Dersom du ikkje møter, blir du belasta med eit gebyr, sjølv om du er fritatt for eigendel.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

SNR Hjelset: 4. etasje i fløy F (4F)
Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset