Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nøkkelen er samskaping

Alle menneske deler grunnleggande psykologiske behov for å føle seg fri til å gjere ting av eigeninteresse, å fullføre dei måla dei ynskjer og å ha varm og positiv tilhøring til andre menneske.

Espen Ervik
Publisert 30.01.2018
En person som holder en presentasjon for et publikum
Roar Amdam peika på kor viktig det er med samskaping.

Når desse tre behova er på plass er menneska motivert og dei føler seg inspirert til å vokse, løyse personlege utfordringar og bli sunnare.
Dette sa Helga S. Løvoll på fagdagen «Hva er nøkkelen til mestring» til dei om lag 90 personane som hadde møtt opp i bystyresalen i Ålesund.

Løvoll undersøkte i sitt innlegg kva som motiverer oss og pekte på at den indre reguleringa av motivasjon fungerer betre enn ytre regulering som tvang og belønning. Så helsepersonell og andre kan best støtte ein person sin endring av livsstil ved å støtte opp om vedkommandes autonomi og legge til rette for god opplevingar.

Samskaping

Roar Amdam hadde langt på veg same bodskapen, men han hadde utgangspunkt i mestring. Han definerte mestringsevne til å handle om korleis du tar det. Vi må ta dei utfordringane som livet gir oss, men samfunnet kan legge til rette for at vi skal kunne takle utfordringane lettare. Da handlar det å gjere saman med brukaren og ikkje for brukaren. Samskaping er det nye moteordet.
Som helsepersonell og fagperson skal du stille spørsmål til brukaren og ikkje gi svara når det gjeld det å meistre helsevanskar. Den kritiske refleksjonen skal involvere begge. Både fagperson og brukar skal bygge mestringskapasitet når det gjelder ferdighet til å meistre. Dette er utfordrande for fagpersonen sin rolle.

Mange deltakarar

Fagdagen gikk av stabelen tysdag 23.januar 2018 og var et samarbeid mellom Lærings- og mestringssenteret (Helse Møre og Romsdal), Ålesund kommune/Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester og FFO. Målet med dagen var å gi kunnskap og forståing rundt omgrepet meistring. Deltakarane var frå NAV, brukarorganisasjonar, helseføretak og kommunane fikk høre innlegg om mestring, pasientopplæring, brukarmedverknad og velferdsteknologi som skape debatt og refleksjon.

Fagdagen var resultatet av et godt samarbeid i Nettverket for Læring og mestring på Nordre Sunnmøre.

PowerPointer fra foredraga:
Brukermedvirkning
Fleksible tjenester, en forutsetning for mestring
Hvordan tilfredsstille våre grunnleggende psykologiske behov?
VELFERDSTEKNOLOGI SOM REDSKAP FOR ØKT MESTRING
Hva er nøkkelen til mestring?