Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opplæringstilbod for deg med osteoporose

Vel møtt til dagskurs for deg med osteoporose og dine pårørande 1. september. Vi er glade for å tilby dette kurset for heile fylket vårt, der du kan delta enten i Kristiansund, Volda eller Ålesund. Dei to siste stadane har ein ikkje hatt eit slikt kurstilbod før.

Publisert 15.08.2023
Sist oppdatert 17.08.2023
Illustrasjonsbilete personer på tur
Personar på tur

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal er glade for at personar med osteoporose og deira pårørande kan få tilbod om gruppeopplæring gjennom dagskurs nær der dei bur.  Dette er eit populært kurstilbod ein har hatt ved Kristiansund sjukehus tidlegare og no vert det rigga på ein slik måte at også personar på Søre og Nordre Sunnmøre kan møte nærare der ein bur.

Kurset vert halde ved Kristiansund sjukehus fredag 1. september 2023, der fagpersonane og kurshaldarane er samla, med ei digital overføring til Volda og Ålesund sjukehus* der ein kan følge kurset på storskjerm. Ved alle stadane kan ein få treffe andre i liknande situasjon, i tillegg vil rådgivarar ved Lærings- og meistringssenteret vere tilstades.

Hugs at ein treng tilvisng frå lege/behandlar for å kunne delta på kurstilbodet. 

Meir om kurstilbodet

Kurset er arrangert av Osteoporosepoliklinikken/ Seksjon for kirurgi og ortopedi ved Kristiansund sjukehus i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret, Sykehusapoteket, Seksjon for klinisk støtte og Radiologisk avdeling.

Kurset er eit såkalla hybridkurs der kurset vert halde fysisk ved sjukehuset i Kristiansund med digital overføring* og fysisk oppmøte også ved sjukehuset i Ålesund eller Volda der kurset vert vist på storskjerm (*med atterhald om nok påmeldte ved Ålesund/Volda sjukehus).

Målet med kurstilbodet er få auka kunnskap om kva osteoporose er, førebygge forverring og skape auka tryggleik, forståing og mestring i det å leve med osteoporose. 

Tilvising og oppmøte

Ynskjer du å delta må du få tilvising frå fastlege/behandlar som skal sendast elektronisk til Kirurgisk inntakskontor og merkast osteoporosekurs ved Kristiansund sjukehus. Dette gjelder også om du ønsker å delta frå anna sjukehus. 
Skriv på henvisninga om pårørande ønsker å delta saman med deg eller om det er andre omsyn. Påmeldingsfristen er ca. 21. august 2023.
 
Dersom du ikkje gir anna beskjed, forventar vi at du møter på kursstaden nærast deg:
Kristiansund sjukehus: Auditoriet
Ålesund sjukehus: Stad under avklaring (BUP eller Åsebøen 1)
Volda: Kløvertun​ (Lærings- og meistringssenteret)


​Ta med eigen matpakke, det er også moglegheit for kjøpe lunsj i kantine/kiosk. Det vert servert kaffi/te. 
Ved Kristiansund sjukehus vil det bli enkel lunsjbevertning.​​

Les meir om kurstilbodet i kurskatalogen til HMR

Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal

Lærings- og meistringssenteret (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon, kunnskap og hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si.
Kontakt oss
LMS+ROPP for web 2022.jpg