Spennande kurstilbod for personar i kontakt med born og unge med epilepsi
Ynskjer du auka kunnskap om kva epilepsi er og korleis ein kan møte born og unge med epilepsi i heimen eller i skule- og barnehagekvardagen? I Møre og Romsdal tilbyr ein digitalt kurs 1. juni for føresette og aktuelle fagpersonar til born og unge med epilepsi.
Meir om Epilepsikurset
Kurset haldast digitalt torsdag 1. juni mellom kl. 0900 - 1600.
Kurset passar godt for fagpersonar som er i kontakt med born eller ungdom med epilepsi, dette kan vere seg helsepersonell, pedagogisk personell i skular, barnehage eller andre tenester. I tillegg til foreldre og andre føresette/pårørande til born og unge med epilepsi.
Kurstilbodet er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal ved Poliklinikk barn og ungdom Ålesund, Habilitering barn og ungdom Kristiansund, Lærings- og meistringssenteret i HMR og Epilepsiforbundet. I tillegg delte ressursar frå Spesialsykehuset for epilepsi ved OUS (SSE), sosionom og sjukehusprest ved HMR.
Påmeldingsfristen er 29.mai.
Les utfyllande informasjon om kurset i kurskatalogen
Utdrag frå programmet* (med atterhald om endringar)
- Brukarhistorie
- Kva er epilepsi
- Anfallshandtering
- Pedagogiske konsekvensar
- Tankar rundt sykdom i familien/ meistring
- Rettigheiter
- Presentasjon av Epilepsiforbundet
Påmelding/ tilvising
Foreldre/føresette meldast på når det sendes ei tilvising til kurset i barnets navn. Fastlege eller annan behandlar kan sende tilvisinga elektronisk til: Poliklinikk barn og ungdom, Ålesund.
Tilvisinga må innehalde e-postadresse samt informasjon om det er andre pårørende som deltek saman med deg. E-postadressa er viktig, då det er her du mottek lenke til sjølve kurset og program.
NB. Foreldre til born som allereie får oppfølging i HMR hjå habilitering eller poliklinikk for barn og ungdom, trenger ikkje ei slik tilvising. Disse kan melde seg på på samme måte som fagpersonar (sjå under).
Fagpersonar treng ikkje tilvising, men må melde seg på ved å kontakte kursansvarleg Annie M. J. Torbjørgson på telefonnummer 95 11 52 77 (onsdager og torsdager) eller Poliklinikk barn og ungdom Ålesund, tlf.nummer 70 16 75 50
Oppgi e-postadresse og om det er andre fagpersoner/tilsette som skal delta sammen med deg.
Vel møtt!