Tid og stad
- Når
-
- 16. okt. 2025
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- i samarbeid med Epilepsiforbundet og Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal
- Kvar
- Digitalt
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 09. okt. 2025
Påmelding
Føresette skal ringe ekspedisjon Pol. barn og ungdom Ålesund på tlf. 70167550.
Fagpersonar må melde seg på ved å kontakte Nina Sivertsen Brandal på sms: 476 12 043. Ikke oppgi personsensitiv informasjon.
Det er viktig at du oppgir e-postadresse for å få tilsendt kurslenke. Fagpersonar må oppgi navn på alle dersom fleire fagpersonar skal følge undervisninga frå same stad.
Praktiske opplysningar
Digitalt kurstilbod. Kurset er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal ved poliklinikk barn og ungdom ved Ålesund sjukehus, St.Olavs hospital, Lærings- og meistringssenteret og Epilepsiforbundet.
Kvifor delta på kurs
Med kurset ynskjer vi at foreldre/føresette og fagpersonar som til dømes skule- og barnehagetilsette skal få auka kunnskap om kva epilepsi er og korleis ein kan møte barn og unge med epilepsi både i heimen og i skule- og barnehagekvardagen. Vi ynskjer å skape auka forståing og meistring i rolla som forelder/føresett og fagperson.
Vi oppmodar begge foreldre til å delta på opplæringa om det er mogleg.
Innhald
Tema for kurset*:
- Kva er epilepsi og anfallshandtering
- Tankar rundt sjukdom i familien
- Meistring
- Pedagogiske konsekvenser
- Brukarhistorie
- Rettigheiter
- Presentasjon av Epilepsiforbundet
- Hjelpemiddel
* Med atterhald om endringar i tema/program.
Kurset vert lagt opp til digitale førelesingar, men det er også tid til å kunne kome med spørsmål eller utveksle erfaringar.
Føredragshaldarane har tverrfagleg bakgrunn som spesialsjukepleiar, lege, sosionom, erfaren brukarrepresentant frå Epilepsiforbundet, spesialpedagog frå Spesialsykehuset for epilepsi (SSE).
Rettar, eigenandel og opplæringspengar
Ingen eigenandel.
Det kan søkjast om opplæringspengar for deg som er yrkesaktiv og som har omsorg for eit born med lagvarig sjukdom. Opplæringspengar bereknast på same måte som sjukepengar, og skal erstatte tap av arbeidsinntekt ved fråvær frå arbeid for å vere med under opplæringa.
Lenke til utfyllande informasjon om eigenandel og andre rettar finn du her
Her finn du meir informasjon om opplæringspengar
Nyttige nettsider
Kontakt
Ekspedisjon Poliklinikk barn og unge, Ålesund
70167550