Du blir undersøkt i spaltelampe, som er eit spesialinstrument med mikroskop som blir brukt for å undersøke auget. Det blir også tatt OCT- bilde. For å gjere desse undersøkingane, vil du få augedropar som utvidar pupillen.
Augnedropar som utvidar pupillen
Pupillane vil vere store i opptil fleire timar etter undersøkinga. Dette vil påverke synet på nært hald og du kan oppleve å vere lyssky. Derfor er det viktig at du ikkje køyrer bil rett etter at du har fått pupilledilaterende augedropar. Ved mykje sollys ute er det godt å bruke solbriller.


