Diabetes makulaødem blir oppdaga under vanleg diabeteskontroll av auga. I det tidlege stadiet av diabetes makulaødem er det ikkje nødvendig med behandling.
Fotografering av augebotnen
For å sjå på sirkulasjonen i blodårar og eventuelle lekkasjar, blir det gjort ei undersøking med eit kamera som tek bilete av augebotnen.
OCT (Optical Coherence Tomography) er eit kamera som tek bilete av den gule flekken ved hjelp av lysbølgjer, og gjer ulike undersøkingar.
Det kan også gjerast fluorescein angiografi, som er ei kontrastundersøking. Det blir sett fluorescein-infusjon og det blir teke bilete i ulike tidsintervall.
Før desse undersøkingane vil du få augedropar som utvidar pupillen. Behandlinga vidare blir avgjord av augelegen.
Augedropar som utvidar pupillen
Når pupillane er tilstrekkeleg store, vil sjukepleiar ta bilete av netthinna ved hjelp av eit kamera som tek bilete av augebotnen. Pupillane vil halde fram med å vere store i opptil fleire timar etter undersøkinga. Dette vil påverke nærsynet, og du kan oppleve å bli lyssky. Derfor er det viktig at du ikkje køyrer bil før pupillen har fått tilbake den naturlege storleiken sin. Ved mykje sollys ute er det lurt å bruke solbriller.


