I staden for faste kontrollar på sjukehuset kan du rapportere korleis du har det heimanfrå ved å fylle ut digitale spørjeskjema i HelsaMi. Svara dine blir vurderte av helsepersonell ved nevrologisk poliklinikk.
Dette er aktuelt for deg som har kronisk migrene og blir behandla med CGRP-retta behandling (CGRP-hemmar). Målet er at du skal få oppfølging når du treng det, samtidig som du slepper unødvendige sjukehusbesøk når behandlinga fungerer godt og situasjonen er stabil.
Kva er CGRP-hemmere?
CGRP-hemmere er legemiddel som blir brukte for å førebyggje migreneanfall hos personar med kronisk migrene.
Aktuelle CGRP-hemmere er:
- Ajovy, Emgality og Aimovig (månadlege sprøyter)
- Aquipta (daglege tablettar)
- Vyepti (infusjon på sjukehuset kvar tredje månad)
Behandlinga blir følgd opp regelmessig for å vurdere effekt, eventuelle biverknader og behov for vidare behandling.
Kven kan få digital oppfølging?
Du får tilbod om digital oppfølging dersom du:
- har kronisk migrene
- behandlast med CGRP-hemmar
- kan bruke HelsaMi
Pasienter som startar behandling med CGRP-hemmar blir vanlegvis inkludert i oppfølgingsprogrammet ved oppstart. Dersom du allereie bruker CGRP-hemmar, kan du bli inkludert når det nærmar seg tidspunkt for ny vurdering eller kontroll.
Kvifor må behandlinga følgjast opp?
For å kunne halde fram behandling med CGRP-hemmar er det nødvendig med regelmessig oppfølging.
Ved oppfølginga vurderer vi:
- Om behandlinga har ønskt effekt
- om det er behov for endringar i behandlinga
- om vilkåra for vidare behandling og refusjon framleis er oppfylt
For dei fleste pasientar blir behandlinga dekt gjennom individuell refusjon etter folketrygdloven § 3. Helfo krev at refusjonsvedtaket blir vurdert og fornya årleg.
Søknad om nytt Helfo-vedtak må sendast av nevrolog. Fastlegen kan skrive ut nye reseptar så lenge du har eit gyldig vedtak.
Opplysningane du gir i spørjeskjemaa blir brukt som grunnlag for vurdering av behandlingseffekt og ved behov for fornying av Helfo-vedtak. Det er derfor viktig at du svarer på spørjeskjemaa når du tek imot dei, sjølv om behandlinga fungerer godt.


