Diagnose
Dødfødsel
Når eit barn døyr før fødselen, er det ein av dei største tragediane foreldre kan oppleve. Alle forventingar og planar for ei framtid med det nye familiemedlemmen, blir snudd til sjokk, krise og sorg.
Dødfødsel og seinabort
Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer dødfødsel som fødsel av barn etter svangerskapsveke 22, kor barnet ikkje viser livsteikn ved fødselen. Barnet pustar ikkje og hjarta har slutta å slå.
Om barnet blir født før svangerskapsveke 22, definerast det som seinabort. For foreldra kan sorga vere sterk og vond uansett når i svangerskapet barnet døyr og kva som er dødsårsaka.
Landsforeningen uventet barnedød har mykje informasjon, rettleiing og råd til forelder og familiar som opplev å miste sine barn i dødfødsel.
Utredning
For å stadfeste at barnet i magen er dødt, blir det alltid gjort ei ultralydundersøking. Lege og jordmor vil då informere mor / foreldra om at barnet er dødt, og legge ein plan for fødselen.
Det kan skje at kvinna ber om at det blir gjort keisarsnitt for å få fødselen raskt overstått. Men keisarsnitt kan vere ein komplisert operasjon når barnet er dødt. Det er akua risiko for å blø, og skal kunn gjerast når det er heilt nødvendig av omsyn til mor si helse. Ein vanleg vaginal fødsel anbefalast.
Behandling
Om ikkje fødselsriene har begynt når mor kjem til fødeavdelinga, vil fødselen bli satt i gang. Nokon ønsker å bli innlagt på fødeavdelinga og få satt i gang fødselen med ein gang dei får vite at barnet er dødt, mens andre treng litt meir tid.
Fødsel og smertelindring
Under fødselen følges mor/foreldra tett opp av jordmor og lege. Tilsette er der for å gi støtte, omsorg og tilgjengeleg informasjon om kva som skal skje, kva som har skjedd og kva som venter i dagane og tida som kjem. Alle får tilbod om smertelindring under fødselen. Alle blir anbefala epiduralbedøving – når det er tid og moglegheit for å gi denne bedøvinga.Barnet
Møte med barnet er eit sterkt augeblikk. For mange kan tanken på skulle sjå og halde barnet vere fjernt før barnet er født – men når barnet er født faller det for dei fleste heilt naturleg og både sjå og halde den litle. Erfaringar og tilbakemeldingar frå foreldre som tidligare har opplevd å miste sitt nyfødde barn, viser at det er godt og viktig for det vidare sorgarbeidet å ha hatt ein slik fysisk kontakt med den litle.Den korte tida mor/foreldra får med barnet sitt brukast til å samle flest mulig minner. Dei fleste foreldre ønsker å vere mest mogleg samen med barnet etter fødselen. Er det mogleg og foreldra ønsker det, kan også familie, søsken og nære venner få møte barnet.
Støtte og omsorg
Sjukehuspresten er ofte til god hjelp og støtte for foreldre. Sjukehuspresten har mykje kunnskap og erfaring frå arbeid med menneske i krise og sorg. Presten kan og hjelpe til med å planlegge minnestund og/eller gravferd, uansett om foreldra ønsker gravferd i kyrkja eller ikkje.Årsak til at barnet døde
Oppfølging
Sorgarbeid
Foreldra kan oppleve og uttrykke sorga veldig ulikt. Nokon ønsker å snakke mykje om barnet og det som har skjedd. Nokon opplev at dei lindrar sorga mest ved å sjå framover og fokusere på dei positive tinga i livet. Det er ikkje noko fasitsvar på kva som er den beste og rette måten å takle sorgarbeidet på. For foreldra er det viktig å vere open og snakke saman om korleis dei har det, og korleis dei best kan støtte og hjelpe kvarandre.
Sorggruppe
Mange foreldre har funnet hjelp og trøst i å vere med i ei sorggruppe. Dei fleste sjukehus gir foreldre som har mista barnet sitt tilbod om å delta i ei sorggruppe. Det er jordmødrer som driver sorggruppene. Gruppene møtes regelmessig, ofte ein gong i månaden eller så ofte som gruppa avtalar. Kor lenge ein ønsker å vere med i gruppa bestemm foreldra sjølv.Seinabort: Fosterdød før veke 22
Når fosteret døyr uventa før svangerskapsveke 22 er det kalla seinabort. Morkakesvikt eller alvorlege misdanningar kan vere årsak, eller kvinna kan ha hatt stor blødning, for tidleg fostervannsavgang eller infeksjon som også kan sette i gang fødsel/senabort. Skjer det tidleg i svangerskapet opplev ikkje alltid foreldre same støtte frå omgivnadane som når barnet døyr mot slutten av svangerskapet. Men for foreldra kan sorga vere like sterk uansett når i svangerskapet barnet døyr.Foreldre som ønsker hjelp til å takle sorgarbeidet bør snakke med jordmoren eller legen på sjukehuset, fastlege/kommune jordmor, eller kontakte Stiftelsen Amathea (www.amathea.no), tlf.: 90 65 90 60.