Innlogging
Du får ein SMS når det er tid for å fylle ut eit spørjeskjema. Dette blir sendt ut kvar 6. månad.
Du kan også når som helst logge inn i CheckWare og sende inn eit nytt skjema dersom du opplever endringar i sjukdommen, har spørsmål om behandlinga eller ønskjer ei ny vurdering. Det vil alltid vere eit spørjeskjema tilgjengeleg.
Du loggar inn via ID-porten (BankID) frå mobiltelefon, nettbrett eller PC.
Spørjeskjemaet inneheld mellom anna spørsmål om
- anfall og utvikling av epilepsien
- behandling og eventuelle biverknader
- korleis epilepsien påverkar kvardagen
- om du ønskjer kontakt med sjukehuset
- første gong, og deretter éin gong årleg, svarer du på eit tilleggsskjema om livskvalitet
Alle innsende spørjeskjema blir vurderte, både dei planlagde registreringane og skjemaa du sender inn på eige initiativ. Det kan gå inntil 14 dagar før skjemaet blir lese. CheckWare skal derfor ikkje brukast dersom du har behov for rask vurdering eller akutthjelp.
Dersom svara viser behov for vidare oppfølging eller avklaringar, blir du kontakta av epilepsisjukepleiar eller lege. Oppfølginga kan skje ved telefonkontakt, eller som planlagd konsultasjon ved fysisk oppmøte, telefon eller video.
Dersom svara viser at tilstanden er stabil og det ikkje er behov for nye tiltak, høyrer du ikkje frå oss. Du held då fram den digitale oppfølginga som før.
Som ein del av oppfølginga anbefaler vi at du tek blodprøver hos fastlegen éin gong i året. Du må sjølv kontakte fastlegekontoret og avtale prøvetaking. EEG og måling av nivået av epilepsimedisin i blodet treng ikkje gjerast regelmessig, men kan bli aktuelt dersom det skjer endringar i anfall, behandling eller andre forhold som gjer at det er behov for nærare vurdering.