Svar på spørreskjema
Helse Møre og Romsdal bruker skjema frå CheckWare i utgreiing, behandling og kommunikasjon med pasient og pårørande.
Digital oppfølging er eit fleksibelt alternativ til oppfølging for mange pasientar med epilepsi.
Digital oppfølging er eit alternativ til faste polikliniske kontrollar for mange med epilepsi. Dei fleste pasientar med epilepsi som blir følgd ved nevrologisk poliklinikk, får tilbod om denne oppfølgingsforma.
Målet er at du skal få oppfølging når du treng det, samtidig som du slepp unødvendige polikliniske kontrollar når tilstanden er stabil.
I staden for faste kontrollar på sjukehuset kan du rapportere korleis du har det heime ved å fylle ut digitale spørjeskjema. Svara blir vurderte av epilepsisjukepleiar eller lege ved nevrologisk poliklinikk. Dersom svara viser behov for vidare oppfølging, blir du kontakta eller sett opp til poliklinisk time.
Du fyller ut digitale spørjeskjema i CheckWare. CheckWare er den digitale løysinga vi bruker for denne oppfølginga.
Du får ein SMS når det er tid for å fylle ut eit spørjeskjema. Dette blir sendt ut kvar 6. månad.
Du kan også når som helst logge inn i CheckWare og sende inn eit nytt skjema dersom du opplever endringar i sjukdommen, har spørsmål om behandlinga eller ønskjer ei ny vurdering. Det vil alltid vere eit spørjeskjema tilgjengeleg.
Du loggar inn via ID-porten (BankID) frå mobiltelefon, nettbrett eller PC.
Alle innsende spørjeskjema blir vurderte, både dei planlagde registreringane og skjemaa du sender inn på eige initiativ. Det kan gå inntil 14 dagar før skjemaet blir lese. CheckWare skal derfor ikkje brukast dersom du har behov for rask vurdering eller akutthjelp.
Dersom svara viser behov for vidare oppfølging eller avklaringar, blir du kontakta av epilepsisjukepleiar eller lege. Oppfølginga kan skje ved telefonkontakt, eller som planlagd konsultasjon ved fysisk oppmøte, telefon eller video.
Dersom svara viser at tilstanden er stabil og det ikkje er behov for nye tiltak, høyrer du ikkje frå oss. Du held då fram den digitale oppfølginga som før.
Som ein del av oppfølginga anbefaler vi at du tek blodprøver hos fastlegen éin gong i året. Du må sjølv kontakte fastlegekontoret og avtale prøvetaking. EEG og måling av nivået av epilepsimedisin i blodet treng ikkje gjerast regelmessig, men kan bli aktuelt dersom det skjer endringar i anfall, behandling eller andre forhold som gjer at det er behov for nærare vurdering.
Det er kostnadsfritt å fylle ut spørjeskjema og å delta i den digitale oppfølginga.
Dersom vurderinga av svara dine fører til telefonkontakt, planlagd telefon- eller videokonsultasjon eller poliklinisk time, gjeld ordinære reglar for eigendel. Har du frikort, betaler du ikkje eigendel.
Du får automatiske påminningar dersom spørjeskjemaet ikkje blir svart på.
Dersom du ikkje svarer på to spørjeskjema på rad, trass i påminningar, blir den digitale oppfølginga avslutta. Du blir då overført til ordinær oppfølging ved nevrologisk poliklinikk.
Digital oppfølging er frivillig.
Dersom du vurderer å avslutte digital oppfølging og enno ikkje har prøvd ordninga, tilrår vi at du prøver det først. Ta gjerne kontakt med sekretariatet ved nevrologisk poliklinikk dersom du treng hjelp med innlogging eller har spørsmål om korleis oppfølginga fungerer.
Dersom du ønskjer å avslutte digital oppfølging, kan du når som helst gi beskjed til sekretariatet. Du vil då bli følgt opp etter ordinære rutinar ved nevrologisk poliklinikk. Ver merksam på at dette kan medføre lengre ventetid.
Digital oppfølging erstattar ikkje akutt helsehjelp.
Ved behov for rask vurdering må du kontakte fastlege eller legevakt. Ved behov for akutthjelp, ring 113.
SNR Hjelset: 4. etasje fløy G (4G).
Molde: Byfogd Motzfeldts gate (Høvding) i Molde sentrum.

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Byfogd Motzfeldts gate 8