Rifter i lukkemusklane kan oppstå under fødselen, og dersom du er førstegongsfødande, føder eit stort barn, eller om det blir forløyst med tang eller vakum, har du større risiko for ein slik skade.
Fødselsrifter med skade på endetarmen sin lukkemuskel
Under fødselen blir bekkenbotnen strekt og det kan oppstå rifter i huda. Mange fødande får mindre rifter, men i blant kan den fødande få større fødselsrifter. Det kan føre til skade på endetarmens lukkemuskel.
Lukkemuskelen er ein ringmuskel rundt den nedste delen av endetarmen og funksjonen er å halde på luft og avføring. Muskelen er konstant trekt saman, men om han har blitt skada og ikkje har blitt fullstendig lækja, kan lukkemekanismen vere svekka. Då kan ein få plager med at ein lekker luft, ikkje har full kontroll på avføringa eller har problem med å rekke toalettet i tide.
Før
Under
For å reparere ein skadd lukkemuskel, syr vi dei skadde endane på muskelen saman. Deretter reparerer vi resten av rifta slik at det skada området skal bli mest mogleg normalt igjen. Tråden som blir brukt vil løyse seg opp av seg sjølv, og ein treng ikkje fjerne stinga.
Etter
Smerter etter fødsel
Dei første dagane etter fødselen er det normalt at det svir når du tissar, og dei første vekene kan det klø i området der det er sydd. Såret vil vanlegvis lækjast innan tre til fire veker. Det kan ta opp mot ein månad før du er utan smerter, og du har fått normal kjensle rundt skjeden.
Nokon har behov for smertestillande tablettar i ein til to veker etter fødselen, og vi anbefaler då at du bruker 1 gram Paracet opp til fire gangar i døgnet. Om nødvendig, kan du ta 400 mg Ibux saman med Paracet, men maks tre gongar i døgnet. Smertestillande medisin skader ikkje barnet via morsmjølka når du ammer.
Sårhygiene og amming
Skyll deg med lunka vatn etter du har hatt avføring og bruk elles handdusjen når du skal vaske underlivet. Bruk eit reint handkle.
- Unngå å sitte for lenge om gangen. Det kan belaste såret og gi meir smerte. Prøv å sitte på to samanbretta handkler
- Legg deg på sida når du skal inn og ut av senga
- Ligg helst på sida når du ammer
- Hald avføringa mjuk
- Unngå å løfte tungt i fire til seks veker etter fødselen
- Bruk reseptfrie, smertestillande medikament mot smerter frå såret
Tarmfunksjon
Treg mage er vanleg etter fødselen. Difor får du avføringsmiddel (Laktulose 15 ml to gonger dagleg) medan du er innlagd. Du kan halde fram med det i eit par veker etter fødselen for å halde avføringa mjuk. Unngå å trykke mykje ved toalettbesøk.
Du bør drikke rikeleg med vatn og ete fiberrik kost (fullkornsbrød, frukt, rosiner/svisker).
Mange klarer ikkje å halde på luft frå endetarmen dei første vekene etter fødselen. Dette kjem seg ofte gradvis etter som bekkenbotnen blir sterkare i halvåret etter fødselen.
Fysioterapi og opptrening
På fødeavdelinga får du råd om trening etter fødsel. Du får og ei tilvising til fysioterapeut som kan hjelpe deg med bekkenbotntreninga vidare.
Start med lett trening av musklane i bekkenbotnen så raskt som mogleg etter fødselen. Ligg i kvilestilling, knip saman musklane rundt endetarm, skjede og urinrørsopninga. Gjenta fire-fem gonger, tre gonger om dagen.
Etter kvart som bekkenbotnen blir sterkare kan du auke til ti knip om gongen. Heime kan du gjere øvingane medan du ligg på golvet. Ta i så godt du kan utan å halde pusten, og utan å bruke musklane i baken, låra eller magen. Hald knipet så lenge du klarer, kvil nokre sekund og knip på ny. Du bør halde fram med knipeøvingane i tre til seks månader.
Prøv å knipe igjen også når du hostar eller nys, og før du løftar barnet eller noko tungt. Om du held fram med knipeøvingar også etter barseltida, auker sjansen for at du ikkje bli plaga med lekkasje av urin, luft eller avføring seinare.
Om du treng meir informasjon, anbefaler vi desse nettstadane:
Sex etter fødsel
Det vil ta om lag ein månad før rifta i endetarmens lukkemuskel har grodd. Vent derfor i 4-6 veker med å ha samleie, slik at ikkje rifta går opp att. Mange kvinner ønsker ikkje sex dei første 2-3 månadene etter fødselen fordi dei er slitne, redd for smerter eller manglar sexlyst. Hormonendringar gjer ofte at skjeden kjennast tørr, og det er lurt å bruke eit glidemiddel. Vi tilrår ikkje analt samleie dei to første månadene etter fødselen.
Kontroll
Du vil få tid for ein poliklinisk kontroll 9 til 12 månader etter fødselen.
Men du må ta kontakt med fastlegen din om du får problemer med såret i underlivet i vekene etter fødselen. Teikn på infeksjon er aukande smerter, at området hovnar opp og feber. Det er viktig at du blir tilvist og undersøkt på sjukehuset dersom det er teikn på at såret har gått opp igjen, eller om du lek avføring. Om du slit med plagar er det viktig at du tar kontakt med fastlegen din før den planlagde kontrolltimen.
Ved kontrolltimen 9 til 12 månader etter fødselen er det venta at skadene er grodd, og at du har fått tilbake krafta i bekkenbotnen. Ofte vil plager du hadde dei første månadene ha gått over. Saman med deg vil vi vurdere om bekkenbotnsfunksjonen er svekka etter skaden.
Før timen bør du tenke gjennom og registrere plager du kjenner, og kva innverknad dei har i kvardagen. Vi vil gjerne diskutere med deg om du bør føde normalt eller med keisarsnitt i eit seinare svangerskap, og korleis oppfølginga bør vere. Om du ikkje har plager etter skaden vil ein oftast tilrå vaginal fødsel neste gong.
Blir eg normal igjen?
Dei fleste som har fått skade på lukkemuskelen under fødsel får ikkje varige, alvorlege plager. Det vanlegaste er at ein ikkje har full kontroll på luft frå tarmen. Det kan vere vanskeleg i kvardagen, sosialt og på arbeid. Det er meir sjeldan med problem med å halde på avføringa.
Det er viktig at du tar kontakt med fastlegen din om du har slike problem, også om det har gått lengre tid sidan du fødte. Da kan du få utgreiing og best mogleg behandling. Det finst ulike behandlingstilbod som kan vere til god hjelp.
Kontakt
-
Kontakt Føde-barsel Ålesund
Oppmøtestad
8. etasje - fødeseksjonen.
Ring oss før oppmøte.
Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Transport
Parkering
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
- Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
- Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
- Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
- Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
- Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Inngang A til psykiatribygget er stengt
9. september 2024 stengde vi inngang A ved psykiatribygget (Åsehaugen 7a). Pasientar, pårørande og andre besøkande skal bruke inngang på austsida for å kome til psykiatribygget (punkt 13 på bildet). Tilkomst via gangsti frå hovudinngangen (Åsehaugen 5d) på sjukehuset.
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevisKart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Finn fram på sjukehuset med Mazemap
Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet
PsykiatribyggetÅsehaugen 7AInngangen er midlertidig stengt i samband med byggearbeid. Bruk inngang på austsida av bygget. Tilkomst via gangsti ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine siderKantina
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
- Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.Opningstider:- Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
- Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
- Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
-
Kontakt Føde-barsel SNR Hjelset
Oppmøtestad
SNR Hjelset: Fløy C i 5. etasje.
Ring oss før oppmøte.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Transport
Pasientreiser
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss til sjukehuset
Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.
FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/
PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/
Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.
Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.
Parkering
Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering.
Parkering
Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.
Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande. Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Finn fram på sjukehuset med Mazemap
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Kafé SNR
Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst.
Opningstider
Mandag - fredag: kl 9:00-20:00
Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00
Kiosk
Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
-
Kontakt Føde-barsel Volda
Oppmøtestad
Møt direkte i 3. etasje - på føde/barsel.
Ring oss før oppmøte.
Volda sjukehus
Kløvertunvegen 1
Transport
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
- Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
- Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
- Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
- Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
- Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
- Hovudinngang
- Akuttmottak
- Volda DPS
- BUP
- Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
- Oransje markering: Parkering for HC
- Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift)
- Lilla: Ladestasjon
- P: Parkeringsautomatar
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.noBuss
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehusFly
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar.
Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket.
På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider
For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
08.00–16.30
Kantina
Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar.
Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.
Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
- Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.