Før undersøkinga vil du få genetisk rettleiing ved ei avdeling for medisinsk genetikk.
Fostervassprøve
Fostervatnet inneheld celler frå fosteret som kan brukast til å utføre kromosomundersøkingar av fosteret. Av og til er det også aktuelt å undersøkje for tilstandar som til dømes genfeil.
Tilvising og vurdering
Gravide kvinner som har auka risiko for å få eit foster med kromosomforandring eller genetisk sjukdom kan få tilbod om morkakeprøve eller fostervassprøve. For å få utført fostervassprøve må du bli tilvist av lege, jordmor eller frå ei avdeling for medisinsk genetikk. Av og til utfører vi fostervassprøve som ledd i utgreiing av infeksjon i svangerskapet.
I tilvisinga må det opplysast om dato for siste menstruasjon og grunnen til at vi skal vurdere å utføre undersøkinga (indikasjon). Vi treng også å vite om du bruker blodfortynnande medisinar og om du er berar av blodsmitte, til dømes hepatitt.
Før
Under
Først gjer vi ei orienterande ultralydundersøking. Dette gjer vi for å:
- finne ut kor stort fosteret er og stadfeste at svangerskapslengd er minst 15 veker + 0 dagar.
- finne ut kvar det er mest veleigna staden for prøvetaking og finne ut om det er nokre forhold som medfører auka risiko for komplikasjonar.
Somme gonger vil vi tilrå å utsetje fostervassprøva. Vi utfører inga full ultralydundersøking av fosteret.
Under ultralydrettleiing stikk vi ei tynn nål inn i fostervasshòla og syg ut cirka 15 ml fostervatn.
Prøvetakinga kan gjere litt vondt, omtrent som ei vanleg blodprøve.
Etter
Vi ber deg vente 15 min før du forlèt sjukehuset. Den næraste veka skal du ta det litt meir med ro enn vanleg. Dersom du har tungt arbeid vil du ha behov for sjukmelding nokre dagar.
Fostervasscellene blir undersøkte i laboratorium for medisinsk genetikk. Kor lenge du må vente på prøvesvar er avhengig av kva vi undersøkjer. Vanlegvis tek det minst éi veke. Enkelte spesielle undersøkingar kan ta opptil fleire veker. Du får svar anten via brev i Helsenorge eller over telefon, avhengig av årsaka til fostervassprøva. Dette blir vanlegvis avtalt mellom deg og den som tek fostervassprøva.
Ver merksam
Under 0,5 prosent av dei som tek fostervassprøve har risiko for spontanabort på grunn av sjølve prøvetakinga. Denne risikoen er auka spesielt i løpet av den næraste veka etter prøva er teken.
Kontakt
-
Kontakt Gynekologisk poliklinikk Ålesund
Oppmøtestad
Poliklinikken ligg i 9. etasje i høgblokka ved sjukehuset. Følg merking frå inngang nord eller sør (hovudinngang). Gi beskjed i ekspedisjonsluka på poliklinikken ved oppmøte.Ålesund sjukehus
Åsehaugen 5
Transport
Parkering
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, like ved innkøyringa til sjukehuset. Sjå kart over sjukehusområdet.
- Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst.
- Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid.
- Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare.
- Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ.
- Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Stengde inngangsparti i samband med byggearbeid
Poliklinikkinngangen er stengt
20. november 2023 stengde vi poliklinikkinngangen, (inngang nord, Åsehaugen 5a) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging.
Markerte område på bildet
Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
Gul markering: HC-parkering
Raud markering: Parkering for blodgivarar
Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevisKart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Finn fram på sjukehuset med Mazemap
Avdelingar og inngangar på sjukehusområdet
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Ålesund sjukehus. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen.
Fly
Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
07.30–15.30
Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.
Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine siderKantina
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.
Du finn oss i 1. etasje. Velkomen!
Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
- Helg og høgtid: stengt
Kiosk
I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset.Opningstider:- Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
- Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
- Raude dagar: 10.00 - 18.00
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
-
Kontakt Gynekologisk poliklinikk Hjelset
Oppmøtestad
3.etasje, fløy F.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Transport
Pasientreiser
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no
Buss til sjukehuset
Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.
FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/
PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/
Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.
Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.
Parkering
Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering.
Parkering
Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.
Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande. Kart
For å finne fram på sjukehuset kan du også bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.
Finn fram på sjukehuset med Mazemap
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Kafé SNR
Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst.
Opningstider
Mandag - fredag: kl 9:00-20:00
Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00
Kiosk
Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.
Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
-
Kontakt Gynekologisk poliklinikk SNR Kristiansund
Oppmøtestad
Møt på venterommet ved hovudinngangen.
SNR Kristiansund
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Transport
Besøksparkering på tilvist stad.- Kjøp billett på parkeringsautomat eller i mobillapp (EasyPark eller Kristiansund parkering) ved ankomst
- Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
- Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
- Appene EasyPark og Kristiansund parkering er også gode betalingalternativ
- Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
Grøn markering: parkering for besøkande. Oransje markering: HC-parkering. Raud markering: For blodgivarar. Lilla markering: ladestasjon Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.noBuss
Bussen går innom busslomma ved SNR Kristiansund. Unntak er FRAM ekspress, men den korresponderer med bybussen.Fly
Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå SNR Kristiansund.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
Kvardagar: 07.30–17.30
Laurdag og søndag: stengt
Kantina
Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar. Du finn oss i 2. etasje. Velkomen!
Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 10:00 - 13:00
- Helg og høgtid: stengt
Kiosk
Vi har sjølvbetjent kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus. Her kan du kjøpe kaffi frå Espresso House og mineralvatn, smoothies, påsmurt, salatar, sjokolade, bollar, drops, magasin, hygieneprodukt og accessories frå vareskap. Kiosken er alltid open. Her er også enkle kafébord.
Kaffibar Sjølvbetente vareskap, tilgjengeleg heile døgnet. Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.
Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.
Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.
-
Kontakt Gynekologisk poliklinikk Volda
Oppmøtestad
Poliklinikken er lokalisert saman med kirurgisk poliklinikk og ligg til venstre for hovedinngangen i 1.etasje.
Volda sjukehus
Kløvertunvegen 1
Transport
Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under.
- Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
- Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
- Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
- Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ
- Besøkande med HC-kort har betalingsfritak på parkeringsplassar med HC-merking.
- Hovudinngang
- Akuttmottak
- Volda DPS
- BUP
- Grøn markering: Parkering for pasientar og besøkande
- Oransje markering: Parkering for HC
- Raud markering: Parkering for blodgivarar (ingen avgift)
- Lilla: Ladestasjon
- P: Parkeringsautomatar
Vi har ladestasjonar for el-bil ved fleire av våre lokasjonar. Her finn du oversikt over ladestasjonane:
Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.noBuss
Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved Volda sjukehusFly
Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus.
Praktisk informasjon
Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar.
Besøkstid kl. 17.00-19.00 alle dagar.
Ta kontakt med aktuell avdeling før besøket.
På barselavdelinga gjeld følgjande besøkstider
For partnar som ikkje er innskriven i avdelinga saman med mor er kjernetida for besøk mellom kl 10.00-20.00.Besøkstid for søsken og besteforeldre mellom kl 17.00 og 18.00.Vi anbefaler ro rundt mor og barn i barseltida på sjukehuset.Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.
Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.
Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.
Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset.
Treng du nokon å snakke med?
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.
Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.
Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.
Opningstid
08.00–16.30
Kantina
Hos oss får du god heimelaga mat til gode prisar.
Middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00. I tillegg har vi litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.
Opningstider:
- Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
- Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00