Behandling, Helse i arbeid

HelseIArbeid

HelseIArbeid er ei nasjonal satsing og eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og NAV.  Målsettinga er at du skal kunne stå lenger i jobb, ved å få behandling for plagene dine samtidig som jobben kan tilrettelegge for deg. Tilbodet gir rask tilgang til tverrfagleg utgreiing og vurdering av vanlege muskel-/skjelett- og tillegg arbeidsrelaterte avklaringar.  I Helse Møre og Romsdal har vi to behandlingstilbod for HelseIArbeid, eit lokalisert i Molde og eit i Ålesund.
 

Informasjonsfilm om HelseIArbeid: https://www.youtube.com/watch?v=c_QetRJIJFk  

HelseIArbeid er tverrfagleg samansett

I Ålesund består teamet av spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, lege i spesialisering, spesialfysioterapeutar, manuellterapeut, arbeidsrådgivar og NAV-rettleiar.

I Molde består teamet av nevrolog, spesialfysioterapeutar/manuellterapeut, sosionom og NAV-rettleiar.   

Tilbodet i Ålesund gjelder muskel-/-skjelettplager.

I Ålesund får du oppfølging hos Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi.


Tilbodet i Molde gjelder nakke/ryggplager.

I Molde får du oppfølging ved Tverrfagleg ryggpoliklinikk.

Begge tilboda er fylkesdekkande, det vil seie at du kan få tilvising til det tilbodet som treff deg best, uavhengig av kvar du bur.

Tilvising og vurdering

Både fastlege, psykolog, manuellterapeut, kiropraktor og tannlege kan sende tilvising.

Det er ønskeleg å kome tidleg inn til utgreiing og avklaring. Du kan få tilvising når det er fare for sjukmelding, hyppige sjukmeldingar eller i ein tidleg fase av sjukmeldinga. Du treng ikkje å ha prøvd behandling i primærhelsetenesta/kommunehelsetenesta før du får tilvising til HelseIArbeid.

Tilvisinga blir vurdert av eit inntaksteam i samsvar med nasjonal prioriteringsrettleiar, innan ti verkedagar. Ved rett til helsehjelp får du innkalling til time. I tida fram til utgreiing, eller ved eventuelle endringar i helsetilstaden, skal du ta kontakt med fastlegen.

Før

Eit tverrfagleg team startar utgreiing og vurdering av dei helseplagane som påverkar din funksjon i jobb eller studiar.

Utgreiinga blir gjort i tverrfagleg poliklinikk, og målsettinga er å avklare årsak til plagane i tillegg til å føreslå eigna oppfølging.

NAV-rettleiaren si oppgåve i teamet er å bidra til tilrettelegging på jobb og fatte nødvendige vedtak. Samtale og oppfølging frå NAV skjer kun etter samtykke.

For mange er ei utgreiing i tverrfagleg poliklinikk tilstrekkeleg, utan vidare behandling og oppfølging. Dersom vi ser behov for vidare behandling kan du få tilbud om individuell oppfølging eller gruppebehandling.

Etter

Ut frå ditt behov tilbyr vi:

  • Kontrollar/oppfølgingssamtalar for å kvalitetssikre og bygge opp under dei tiltaka som er iverksett
  • Arbeidsrelatert oppfølging i samarbeid med NAV
  • Samhandling med fastlege og/eller andre deler av helsetenesta for å optimalisere vidare forløp.

Etter oppfølginga har vi som mål at du har fått kunnskap om dine plager og korleis du gjennom informasjon, gode strategiar for meistring og tilpassa aktivitet, kan endre på faktorar som er med på å oppretthalde smerte.
Målet er å klare å halde på eller auke di deltaking i arbeidslivet.

Kontakt

  • Kontakt FYSIKALSK MEDISIN OG NEVROPSYKOLOGI POLIKLINIKK

    Oppmøtestad

    Oppmøte ved ekspedisjon mellom heisene i underetasjen i lågblokka.
    Følg merking frå hovudvestibylen.

    Adresse

    Åpningstider
    • I dag STENGT
    • Måndag 08:00 - 15:30
    • Tysdag 08:00 - 15:30
    • Onsdag 08:00 - 15:30
    • Torsdag 08:00 - 15:30
    • Fredag 08:00 - 15:30
    • Laurdag STENGT
    • Søndag STENGT
    Blomar i forgrunn av Ålesund sjukehus

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 5

    Transport

    Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet, sjå kart under. 

    • Merk at du alltid må registrere bilnummeret på parkeringsautomat eller i EasyPark-appen ved ankomst
    • Vi anbefaler betaling med kort framfor mynt. Då kan du velje P-tid med god margin slik at du unngår stress for å nå parkeringstida. Kjem du tilbake før utløpt tid kan du avslutte ved å sette inn kortet igjen. Du betaler då kun for brukt parkeringstid
    • Det er også mogleg å betale med mynt, men då må du tilbake til automaten viss du må forlenge parkeringstida. Du får heller ikkje refundert beløp om du forlater plassen tidlegare
    • Appen EasyPark er også eit godt betalingalternativ ​

    Endra parkeringsområde og stengd inngang nord (poliklinikkinngangen) 

    20. november 2023 stengde vi Inngang nord (poliklinikkinngangen) og la om parkeringsområda ved Ålesund sjukehus i samband med ombygging. Under får du oversikt over dei nye parkeringsområda og korleis du lettast kjem til hovudinngangen.  

    Kart
    Stengd inngang er markert med raudt kryss. 

    Markerte område på bildet

    • Grøn markering: Parkering for pasientar/besøkande
    • Gul markering: HC-parkering
    • Raud markering: Parkering for blodgivarar
    • Blå markering: Parkering for besøkande med spesialbevis
    1. Hovudinngang
      Merk av- og påstiging "kyss og køyr sone" utanfor barne- og ungdomsavdelinga
    2. Administrasjonsbygget
    3. Akuttmottaket
    4. Alderspsykiatrisk døgn
    5. Alderspsykiatrisk poliklinikk
    6. Apotek
    7. Audiopedagogen
    8. Barne- og ungdomsavdelinga
    9. BUP
    10. Dagkirurgi Aust
    11. Habiliteringsbygget
    12. Kreftavdelinga
    13. Psykisk helsevern døgn
    14. Psykisk helsevern poliklinikk
    15. UPA
    16. Åse hotell
    17. Åsebøen 1
    18. Åsebøen 5

    Besøkande ved habiliteringsbygget, pårørande til barn ved audiopedagogen og barne- og ungdomsavdelinga kan få spesialbevis ved å ta kontakt med avdelingane.  

     

    ​Vi har fått ladestasjonar for el-bil ved alle dei fire sjukehusa. Her finn du ladestasjonen ved ditt sjukehus:

    No kan du lade el-bilen ved sjukehusa

    Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

    Buss

    Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

    Fly
    Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

    Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

    Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

    Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
     

    Praktisk informasjon

    ​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

    Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

    Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

     

    Passord på SMS
    Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

     

     


    ​Vi ber om avgrensa bruk av parfyme, då det er mange av pasientane våre som reagerer på dette.

    ​Dette gjeld også ved poliklinisk time på sjukehuset. ​

    ​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

    Åse hotell


    Treng du nokon å snakke med? ​
    Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

    Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

    Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

    Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

    ​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

    Opningstid

    07.30–15.30

    ​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

    Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

     

    Kantina​

    Vi har god heimelaga mat, varme og kalde rettar, til gode prisar.​

    Du finn oss​ i 1. etasje. Velkomen!

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
    • Helg og høgtid: stengt

    Kios​k

    I tillegg har vi kiosk i hovedvestibylen ved sjukehuset. 

    Opningstider:

    • Måndag til fredag: kl 07.00 - 20.00
    • Laurdag og søndag: 12.00 - 18.00
    • Raude dagar: 10.00 - 18.00

    ​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

    Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.

  • Kontakt Tverrfagleg ryggpoliklinikk

    Oppmøtestad

    Vi held til i Moldehallen, Verftsgata 10 i Molde på Bolsønesområdet, i 2. etasje inngang A (på sjøsida av bygninga). Kjem du med bil, er det gratis parkering utanfor. Ta av frå Fannestrandsvegen mot fjorden i lyskrysset ved Glamox. Kjem du med buss, er det busstopp like ved – 2-3 minutt å gå. Det er god bussforbindelse med Timeekspressen til/frå Kristiansund og Ålesund.

    Adresse

    Åpningstider
    • I dag STENGT
    • Måndag 08:00 - 15:30
    • Tysdag 08:00 - 15:30
    • Onsdag 08:00 - 15:30
    • Torsdag 08:00 - 15:30
    • Fredag 08:00 - 15:30
    • Laurdag STENGT
    • Søndag STENGT
    Moldehallen

    Moldehallen

    Verftsgata 10