Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hengande augelokk - operasjon

Har du hengande øvre augnelokk som innskrenkar synsfeltet, kan du få utført ptosekirurgi.

Hengande augnelokk kan vere medfødd eller erverva. Dei fleste inngrepa skjer i lokalbedøving.

Bildet viser øynene til en person hvor det ene øyelokket tydelig henger ned i synsfeltet. Foto.

 

 

Før

Ved forundersøkinga vil du bli informert om operasjonen, forløp og eventuelle komplikasjonar som kan oppstå.

Til deg som bruker blodfortynnande

  • Det er vanleg å slutte med Albyl, Plavix, Ticlid og Persantin sju dagar før operasjonen og Marevan tre dagar før operasjonen
  • Dersom du bruker Marevan eller annan blodfortynnande medisin, må du snakke med fastlegen din før du sluttar med tablettane
  • Dagen etter operasjonen startar du med blodfortynnande som før

Under

Overskotshud og eventuelt feittvev blir fjerna. Såret blir lukka med ein tråd som blir fjerna etter éi veke. Etter sjølve inngrepet skal du bli verande på sjukehuset i 30-60 minutt og kjøle ned operasjonsområdet for å unngå hevelse.

Bildet viser operasjonsmetode hvor vi får løftet øyelokket ved hjelp av pannemusklaturen. Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto: Gjengitt med tillatelse fra Elsevier's Health Sciences Rights Department.



Etter

  • Når du kjem heim, lønnar det seg å kjøle ned det opererte området med for eksempel isbitar i ein klut for å unngå hevelse og bløding
  • Unngå fysisk aktivitet der du pressar deg, dei første dagane
  • Stinga (suturane) blir som oftast fjerna av kirurgen etter ei veke, om ikkje kirurgen har bestemt noko anna
  • Etter operasjonen får nokre pasientar med seg antibiotika (augedropar/-salve), som skal brukast så ofte og lenge som kirurgen har bestemt
  • Det er ikkje uvanleg at det er forskjellig høgde på augespalta (avstanden mellom øvre og nedre augelokkskant) etter slike inngrep. Ein prøver å unngå å stramme augelokket så mykje opp at det oppstår uttørking av auget på grunn av lukkingsdefekt. Mange vil likevel ha nytte av kunstige augedropar/-salve ved problem med tørrleik
  • NB! Du må ikkje køyre bil etter augeoperasjonar
Sist faglig oppdatert 11.02.2025

Kontakt

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset Augepoliklinikk SNR

Kontakt Augepoliklinikk SNR

Oppmøtestad

2. etasje, fløy F (2F). 

Dronebilde av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, Hjelset. Eit sjukehus ved fjorden. Arbeid med uteområdet gjenstår.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal Hjelset

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Transport

Pasientreiser

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss til sjukehuset

Det er busstopp like ved hovudingangen til sjukehuset.

FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbudet i fylket. For å søke opp ruter på ein spesifikk trasé, sjå: https://frammr.no/

PDF-tabellane blir også oppdaterte ved endringar: https://frammr.no/reise/rutetabellar-og-linjekart/buss/

Fly

Molde lufthavn, Årø ligg om lag 16 km frå sjukehuset.

Kristiansund lufthavn, Kvernberget ligg om lag 48 km frå sjukehuset.

Parkering 

Det blir ca 1200 parkeringsplasser ved SNR Hjelset. Sjå eigen informasjon under Kart og parkering. 

 

Parkering

Vi har fått automatisk skiltgjenkjenning som registrerer deg når du kjem. Etter besøket kan du gå til betalingsautomat, registrere bilnummeret og betale for tida du har parkert.

Du kan også velje automatisk betaling via appen EasyPark. Les meir kameraparkering på EasyPark si nettside 

Diagram, kart
Du finn parkeringsområde nord (P3) og nordvest (P2) for sjukehuset. HC-parkering finn du også like ved hovudinngangen. Parkeringsområdet ved Hjelsetvegen (P12) er tilgjegeleg både for tilsette og besøkande.

Kart

For å finne fram på sjukehuset kan du bruke karttenesta Mazemap. Tenesta gir detaljert vegskildring til avdelingar, kafear, toalett og andre stader på sjukehuset. Du kan også bruke kartet heimafrå for å førebu deg til oppmøte.

Finn fram på sjukehuset med Mazemap

 

Etasjeoversikt SNR Hjelset

 

Praktisk informasjon

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter HMNGuest på mobil eller datamaskin.

Gjestenettet HMNGuest er opent tilgjengeleg, uten bruk av passord.

​Apoteket ligg rett til venstre når du kjem inn hovudinngangen til SNR Hjelset. 

Opningstider og kontaktinformasjon til sjukehusapoteket på Hjelset kan du finne her

Kafé SNR

Like innom hovudvestibylen i 2. etasje finn du Kafé SNR. Her tilbyr vi lunsj- og middagsrettar, stor salatbar, kaker, fast food og påsmurt bakst. 

Opningstider

Mandag - fredag: kl 9:00-20:00

Laurdag og søndag: kl 10:00-18:00

 

Kiosk

Ved SNR Hjelset har vi også kiosk 24/7 i form av smarte vareskap og drikkeautomatar på sjukehuset. Her får du kjøpt drikke, sjokolade, snacks, gåveartiklar og matrettar frå kjøkkenet. Vi har også Espresso House Barista stasjon.  

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten løyve.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket ved sjukehuset.