Behandling
Igangsetting av fødsel
Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og / eller barn.Introduksjon
Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.
Kor lang tid tar det?
Når vi set i gang fødselen, ønsker vi å framskunde fødselen før kroppen sjølv er klar for dette. Å få fødselen i gang kan derfor ta fleire dagar for nokon kvinner, mens for andre kan det ta berre nokre timar.
Om din fødsel blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselsriene startar og du føder.
Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Når i svangerskapet fødselen blir sett i gang, om du har rier eller fostervatnet har begynt å renne og om du har fødd før, er alle faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar. Korleis kroppen din responderer på den igangsettingsmetoden som blir brukt, veit vi ikkje før behandlinga er starta.
Tilvising og vurdering
Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør settast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte, om mogleg - ring alltid til fødeavdelinga før du drar.
Eit svangerskap blir definert som overtidig frå og med dag 294 (fullførte 42 veker). Helsedirektoratet anbefaler terminkontroll hos spesialist i fødselshjelp når svangerskapet har nådd 41 veker. Du vil få time til terminkontroll av jordmora eller legen som følger deg i svangerskapet.
Om det oppstår sjukdom eller komplikasjonar i svangerskapet, vil du bli tilvist til spesialisthelsetenesta. Fødselen kan bli sett i gang dersom undersøkingane viser at det er den beste behandlinga for mor og / eller barnet.
Før
Terminkontroll (veke 41-kontroll)
Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er circa 4 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.
Overtid i svangerskapet er når svangerskapet varer meir enn 42 veker (>294 dagar), eller 11 dagar over termindato fastsett ved ultralyd.
Terminkontrollen kan avtalast til første verkedag som er praktisk gjennomførbar for kvinna og sjukehuset.
Overtidskontroll (> 42 veker)
Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor / lege som følger deg i svangerskapet informere deg om når og kor du skal til overtidsvurdering.
Under
Ulike metodar for å sette i gang fødsel
Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som blir valt, blir avgjort etter ei individuell vurdering.
Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og begynner å opne seg.
Illustrasjonen viser ein umoden livmorhals / mormunn. Mormunnen har ikkje begynt å opne seg og vevet er tjukt, langt og umode, slik det som oftast er før fødselen startar.
Illustrasjonen viser ein moden livmorhals / mormunn der barnets hovud står og pressar mot livmorhalsen som er flata ut og har begynt å opne seg.
For å avgjere korleis vi best kan få sett i gang fødselen, må lege eller jordmor gjere ei gynekologisk undersøking. Dei vil kjenne etter om modningsprosessen har starta.
Først etter undersøkinga kan det vurderast kva for ein metode som er best å bruke for å sette i gang fødselen. Er livmorhalsen umoden, blir første steg i behandlinga oftast å sette i verk tiltak for å fremje modning av livmorhalsen. Om livmorhalsen er moden, vel ein tiltak for å få i gang rier.
Etter
Det kan ta frå nokon timar til fleire dagar frå igangsettinga (induksjonen) startar og til fødselen er i gang og du føder. Det er ikkje mogleg å føreseie kor lang tid det vil ta, før behandlinga har starta og vi ser korleis kroppen din responderer på behandlinga.
Når riene har starta og fødselsprosessen er i gang, vil fødselen som oftast gå som normalt.
Om fødselen ikkje startar
Dersom behandlinga ikkje fører til at fødselen startar, vil legen saman med deg legge ein plan for vidare oppfølging og behandling. Det kan bli aktuelt å avslutte behandlinga og ta ein pause, før ein igjen set i verk igangsettande tiltak. Erfaringa viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen då kjem i gang når behandlinga blir starta igjen.
Om igangsetting av fødselen ikkje fører fram til ein vaginal fødsel eller din og/eller barnets tilstand krev rask forløysing, vil ein vurdere forløysing med keisarsnitt.